/ Blogg

Verdas beste skisted for familier?

I dag har me brukt ein god del tid på å sjå på facen, men og køyrd mykje i bakkane. Nokre, eller dei fleste av bakkane her er særs bra! Her er verkeleg noko for ein kvar.

Sist oppdatert 25. januar 2016 kl 18.05
Eg trur ikkje Synnøve lik at eg legg ut dette bilete..
Eg trur ikkje Synnøve lik at eg legg ut dette bilete..

På starten av dagen køyrde me ein bakke som heit Rossinyol eller noko slikt. 500 høgdemeter som vert stadig brattare, med mongen blinde kantar og svingar. Heilt utruleg kjekk låm å ha fartskonkurranse i. Sjøl far til Synnøve, som ikkje har stått alpinski sidan før Synnøve vart fødd kom ned med eit smil om munnen. 

Eg har småsøsken, og eg er sikker på at alle barnefamiliar ville hatt det bra her. Her er det alltid ein lett utveg frå toppen av heisane, og alltid ein meir spanande nedfart. På slutten av dagen var me i ein barnepark med lavvoar, musikk i trea og slengtau med meir. Her hadde oskefisen i familen, Vårin på 5, vore i ekstase heile dagen, det er eg sikker på! Sjøl eg, og til og med pappa hadde det kjekt der!

Fleire av bloggane mine frå Junior-VM i Andorra finn du her!

Etter at bakken stengde i dag kom den store Freeride World Tour traileren til sentrum, og då såg eg at nervane til Jacob og Synnøve var der. I kveld kjem Peter og Vilde med Trond Carsten, så snart er me fullt lag. 

Her kjem litt om Synnøve:

Namn og alder: Synnøve Medhus, 16 år

– Kor plar du stå på ski, og kor bur du? 

– Bur på Hovden, står mest på ski på Hovden, Røldal og Vierli.

– Kva er du god på?

– Dei seier eg er veldig flink på å vaske golv. 

– Dette handler om ski! Du er vel ikkje så klen på backflip?

– Eg er nå ikkje sånn kjempeflinke heller. Men eg likar å hoppa høge klipper.

P1220426
P1220426

Synnøve liker å holde på med sånt som dette!

– Kva er du dårleg på?

– Eg må jobba med teknikk og triks.

– Kva gjer du med det?

– Øver meir!

– Kaffor begynte du med frikøyring?

– På grunn av at det var veldig kjekt, eg fekk hengt meg på deg, Ådne og Pelle.

– Når vert du redd på ski? 

– Eg vert redd når eg er i parken!

– Kva er den beste skiopplevinga di? 

– Det er så mongen! Men eg likte godt dei bratte turane i Fjetlandsnuten i fjor vår.

– Kva med fjorårets run i Junior-VM?

– Det var fin snø og fine forhold, men eg var så skuffa då eg kom i mål!

– Kor lenge før ein konkurranse kjem nervane?

– Lenge! Spørs litt på konkurransen, men stort sett frå eg melder meg på.

– Kalla snø likar du best?

– Sløsj.

– Korleis er det å gå på skigymnas?

- Veldig kjekt! Sosialt og lærerikt! Eg gjenge på eit skigymnas med utruleg gode trenarar som bryr seg, noke som er veldig motiverande.

– Er du singel? 

– Ja.

Takk for praten Synnøve!

P1220384
P1220384

Jacob Øvernes -som du møter i dette blogginnlegget- i aksjon i Grandvalira.

P1220346
P1220346

Fint for frikøyrande familiar!

P1220515
P1220515

?

P1220518
P1220518

Parken er fin!

Publisert 25. januar 2016 kl 18.05
Sist oppdatert 25. januar 2016 kl 18.05
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen