/ Blogg

Daglege oppdateringar frå junior VM i frikøyring!

Sjølv om eg er for ung til å delta i konkurransen, skal eg få vera med til Andorra og sjå på og lære av junior-VM i frikøyring. Frå laurdag 23/1 kjem det daglege rapportar om dei norske deltagarane, snø og skikøyring i Andorra frå meg her på Fri Flyt!

Sist oppdatert 21. januar 2016 kl 15.09
Slik ser eg ut uten hjelm og goggles
Slik ser eg ut uten hjelm og goggles

Dei norske som er med i junior vm i år er Jacob Øvernes (ski), Peter Hjort (brett), Synnøve Medhus og Vilde Fimreite (ski). Carl Peder Engeset skulle og vore med, men er framleis skadd etter i fjor. Synnøve, Jacob og eg reser ned i morgon, dei andre kjem seinare. Trenarar er TC Øye og Pelle Gangeskar (min far).

Eg står vanlegvis på ski i Røldal, men har vore fleire plassar i Noreg, og ein gong i Chamonix. Det vert spanande å kjekt å oppleve eit heilt nytt land og skisenter. 

Ny oppdatering kjem laurdag kveld, håpar du vil fylgja oss i Andorra!

Publisert 21. januar 2016 kl 15.09
Sist oppdatert 21. januar 2016 kl 15.09
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen