/ Blogg

Junior VM i morgon!

Eg var i anlegget i dag, dei norske deltakarane var på tur for å sjå på facen til i morgon. Det er ein sørvendt face som liknar mykje på fjella heime!

Av: Vetle
Sist oppdatert: 27. januar 2016 kl 20.18
Klart for VM i morgon!
Klart for VM i morgon!

I morgon er dagen i Andorra!

Pappa seier det er halvannen time å gå til bunnen av facen, eg kan ikkje sei eg gleder meg. Eg var på ski i anlegget i dag, ein vert som kjent ikkje betre på ski av å gå topptur. Uansett vert det kjekt å sjå konkurransen i morgon, og for dei som ikkje er her kan dei fylgja med på freerideworldtour.com frå 0930.

Facen er bra, og ser mykje ut som heime i Noreg. Dei norske har tøffe linjeval, så dette kan bli kjekt!

Her er litt om Peter, sistemann frå Noreg i år:

Namn og alder: Peter Hjort, 17 år

– Kor plar du stå på ski, og kor bur du?

– Svandalen og Tromsø, bor i Tromsø, men i Sauda nå

– Kva er du god på?

– Tør å ta sjansa, prøve nye ting!

– Kva er du dårleg på?

– Gi meg mens leken er god. Eg skada meg ofte for æ prøve på nye triks 

– Kva gjer du med det?

– Prøve å ro litt ned nu, men vet ikkje om det går

– Kaffor begynte du med frikøyring?

– Bor i Tromsø, så falt naturlig å gå topptura og kjøre fjell. Forholdene er ikke tilrettelagt for bra heisbasert kjøring i Tromsø.

– Når vert du redd på brett?

– Æ bruke ikke være redd før etter at det går galt. Den gangen æ vart mest redd var i fjor da eg slo hodet mitt da eg tok backflip. Var ute over en måned. Tenker at det skal være riktige forhold, og ikke is i parken når du prøver nye ting!

- Korleis kom du deg til Junior VM?

- Vant i Røldal. Det er helt sykt bra her nede, så alle bør prøv sæ!

– Kva er den beste brettopplevinga di?

– I Tromsø for kanskje tre år sia, var det helt japanpudder, toppturan da va ubeskrivelige

– Kor lenge før ein konkurranse kjem nervane?

– Æ bruke vær redd på konkurransedagen, men frykten blir til fokus når æ kjøre ned.

– Kalla snø likar du best?

– Æ like kaldt pudder, dagen etter det har snødd mye.

– Korleis er det å gå på skigymnas?

- Det er veldig bra, hadde aldri meldt mæ på konkurranse om eg ikkje hadde gått på skigymnas!

– Er du singel?

-Ja!

 Takk for praten

Publisert 27. januar 2016 kl 20.18
Sist oppdatert 27. januar 2016 kl 20.18
annonse

Relaterte artikler

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen