/ Blogg

Konkurransen vert torsdag!

I dag har me vore i anlegget med Peter, Vilde, Synnøve og Jacob. Det gjeng mongen rykter om kor og når, men no har me fått veta at konkurransen er på torsdag!

Av: Vetle
Sist oppdatert: 26. januar 2016 kl 17.59
Vilde hoppar fletta av deg!
Vilde hoppar fletta av deg!

I dag har frikøyrarane komt til Grandvalira, og sjøl om dei er få merkas det i bakkene. Her på hotellet er det stappfullt av nervøse ungdommar og trenarar som skal få sjå facen på løparmøte i kveld.

Berti (FWT sjef) sa til meg at konkurransen vert ein heilt anna plass enn Grandvalira, og at det er mykje gåing, og at deltakarane vert flydd inn. Facen er sørvendt, så da vert det nok vårsnø!

Les alle Vetles blogginnlegg fra oppladninga til Junior-VM i frikjøring i Andorra her!

Her er nokre ord om Vilde:

Namn og alder: Vilde Fimreite, 17 år

– Kor plar du stå på ski, og kor bur du?

– Eg står på ski i Røldal og Sauda for det mesta, og bur i Sauda, men er frå Sola.

– Kva er du god på?

– Eg er ikkje så god på å skryta. Eg har nok en leken stil, og har blitt betre teknisk.

– Kva er du dårleg på?

– Er litt treig og hopper litt for lågt.

– Kva gjer du med det?

– Kjører laps, tar større elementer. Terper!

– Kaffor begynte du med frikøyring?

– Det var mest fordi det var det dei dreiv med i Røldal. Eg var med i Junior NM i 2011 og vant, og det var superkjekt! 

– Når vert du redd på ski?

– Ganske ofte! Når eg skal ta klipper er det skumlaste. Tenker det samme når eg skal kjøre bratt, men eg finner ut at bratt ikkje er så ille likevel.

– Korleis kom du deg til Junior VM?

- Dette året kvalifiserte eg meg gjennom å vinne i Sauda og kom på andre i Røldal.

– Kva er den beste skiopplevinga di?

– Ganske mangen! Vetkje om eg har en spesiell en. Tøffe linjer i sol og sløsj eller pudder er toppen!

– Kor lenge før ein konkurranse kjem nervane?

– Når eg legge meg, alltid vanskelig å sovne dagen før konkurranse. Rett før eg går opp forsvinner nervane.

– Kalla snø likar du best?

– Puddersnø. Men då må det vere sol og.

– Konkurransen blir i sløsj!

– Det er bra, det er stabilt og vi er bedre enn utlendingene på det.

– Korleis er det å gå på skigymnas?

– Det er veldig kjekt! Det er et av de beste valgene eg har tatt i livet mitt til nå. Har blitt mye bedre på alt. Veldig fornøyd med trenerne!

– Korleis går det med karakterane?

- Det er mye arbeid, men om jeg ikkje gjør det jeg må får jeg ikkje bli med på samlinger!

– Er du singel?

– Jepp!

Takk for praten!

Det norske juniorlandslaget koste seg i terrengparken i Grandvalira i dag:

Publisert 26. januar 2016 kl 17.59
Sist oppdatert 26. januar 2016 kl 17.59
annonse

Relaterte artikler

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen