/ Blogg

Endeleg framme i Grandvalira!

Etter ein dag med bil, ferge, to fly og ein lang taxitur er me no framme på hotellet i Andorra. I dag kjem litt fakta om Andorra, og i morgon skal me på ski!

Sist oppdatert 23. januar 2016 kl 22.24
Ser bra ut i Andorra!
Ser bra ut i Andorra!

Andorra er eit land som ikkje større enn Røldal, men det bur nesten 100 000 her. I Røldal bur det 500, og eg trur eg kjenner alle saman.

Det er to store skisenter i Andorra, Vallnord der Dennis køyrde Freeride World Tour i går, og Grandvalira, der me er no. Her i Grandvalira er det 67 heiser og 210 km løyper.

Grandvalira satser på freeride med junior-vm og skiers cup, så eg er spent på å sjå korleis frikøyringsområda ser ut. Eg fann nokre fine bilete på nett, blir kjekt å sjå det sjølv i morgon!

Om du kan fly til Barcelona tek det om lag 3 timar til Andorra. På flyplassen i Stavanger kosta ein rekebaguett 100 kroner, på restauranten her kosta forrett, 1,4 kg (!) biff og dessert 350 kroner, så eg trur nok Andorra er eit billig ferieland. I matbutikken er det veldig kult, med masse lokal og heimelaga mat med mykje smaksprøver. 

I morgon skal eg fortelja meir om skisenteret og om Jacob Øvernes!

Store porsjonar kjøt,  Andorra er ikkje for vegetarianarar! Synnøve Medhus og eg er klare for mat!

Publisert 23. januar 2016 kl 22.24
Sist oppdatert 23. januar 2016 kl 22.24
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen