/ Blogg

Endeleg på ski i Andorra!

I dag åpna heisene klokka 9, og me var på plass til åpning. Me har hatt ein flott dag med sol, men det er lite pudder å finna.

Sist oppdatert 24. januar 2016 kl 17.49
Synnøve i eit hopp i dag.
Synnøve i eit hopp i dag.

Me dro fyrst til facen der konkurransen var i fjor, det er lite snø der, mykje mindre enn i fjor. I resten av anlegget er det akkurat nok snø. Terrenget er leikent, med mongen dalar ved siden av kvarandre. Nesten berre ekspressheisar, så me har fått køyrd mykje her. For frikøyring er det særs bra moglegheiter, men me har ikkje funnet så store dropp enno. Dei fleste her køyrer i bakken, så det er god plass utanfor. I dag var me i to av parkane her, begge er mykje større og betre enn Vierli, som er den beste parken eg har vore i til no.

Eg har prata med Jacob, og her er noko om han:

Namn og alder: Jacob Øvernes, 17 år

– Kor plar du stå på ski, og kor bur du?

– Bur i Stavanger, står mest på ski i Røldal.

– Kva er du god på?

– Det er vanskeleg å sei, men er god til å øve til eg får det til!

– Kva er du dårleg på?

– Å tapa. Eg er ein forferdeleg tapar.

– Kaffor begynte du med frikøyring?

– Det var for einsformeg og kjedeleg å berre stå i løypene.

– Når vert du redd på ski? 

– Rett før eg sett utfor, når eg tenker på kva eg skal gjere. Eg prøver å nytte nervøsiteten til å få fokus og køyre bra.

– Kva er den beste skiopplevinga di? 

– Eg køyrde eit run i Engelberg, Galtiberg med 2000 høydemeter med 70 cm pudder.

– Kva skal til for å komme til VM? 

– Gode resultat i Sauda og Røldal for min del. I år er det og mogleg å få poeng i Sogndal og Oppdal.

– Er du singel? 

– Det er eg!

Takk Jacob!

I morgon får du vite enda meir om Grandvalira og Synnøve!

Les alle Vetle Gangeskar (12) sine rapporter fra årets Junior-VM i Andorra her!

Heile gjengen på plass i Andorra.

Jacob Øvernes køyrer.

Synnøve Medhus.

Synnøve hoppar i sola!

Parken.

Heimesnekra skogspark; Rastøft!

Publisert 24. januar 2016 kl 17.27
Sist oppdatert 24. januar 2016 kl 17.49
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen