Tilkomst/parkering: Søre Bjørkedal eller Laur- dalssætra. Ta ferja Volda–Folkestad og hald fram på vegen til du kjem til Søre Bjørkedal etter om lag 15 kilometer. Ta her inn på grusveg og følg skilting mot Laurdalen. Dersom vegen er fri for snø, betalar du bompengar og følgjer vegen opp til setra, og eit stykke vidare innover dalen.

5.3.1 Opp frå Laurdalssætra ➌ Komplekst

Frå Laurdalssætra går du 1-2 kilometer langs vegen vidare inn dalen, før du kryssar elva og tek sikte på platået nord for Lisje-Toren. Følg deretter nordryggen til topps. Det er også eit alternativ å klatre opp den kvasse søraustegga med stegjarn og isøks, men då bør snøforholda vere gode. Ver særleg merksam på fare for skavlbrot her. Følg same veg ned. Nordryggen er ofte avblesen, med hard snø og framstikkande steinar, men frå platået og ned er nedkøyringa til setra fin-fin.

Sjekk ut flere turbeskrivelser for toppturer i Dalsfjordfjella og Sunnmørsalpene