
Topptur Hornindalsrokken på Sunnmøre - 1529 moh.
Turbeskrivelse Hornindalsrokken
Hornindalsrokken er ein av dei aller mest alpine fjellformasjonane i heile Sunnmørsalpane, m.a. godt synleg frå Solavågen der han ragar opp heilt inne i enden av den langstrekte Hjørundfjorden. Skituren opp er lang og noko krevjande i toppen.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Hornindalsfjella
- Toppunkt: 1529
- Høydemeter: 1150
- Kilometer: 7
- Faremomenter: Skredterreng i botnen av Kjellstaddalen og opp sida mot toppryggen.
- Startsted: setrane ved Langeli
- Tid opp/ned: 5 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Langøylia. Følg hovudvegen mellom Hellesylt og Hornindal. Ta av opp mot hyttefeltet Langøylia om lag 10 kilometer vest for Hellesylt (mellom Tronstad og Røyrhus) og parker på eigna plass.
3.5.1 Opp frå Langøylia ➌ Komplekst
Ta opp lia aust (til høgre) for Gjøelva gjennom open lauvskog til du når Aksla (912 moh.). Følg ryggen til Trollaksla (1250 moh.) og sørryggen vidare litt opp og ned til Sætrenibba (1374 moh.) og skaret nord for denne. Frå skaret rundar ein austover (høgre) inn i sida som leier ned mot Kjellstaddalen. Traverser denne sida til du kjem opp på ryggen nord for toppen, og følg denne til topps.
3.5.2 Ned Kjellstaddalen ➌ Komplekst
Frå toppen kan du kose deg med nesten 1000 høgdemeter køyring i hellingsvinklar på 25-35 grader heile vegen ned til Kjellstadsætra! Deretter må du pårekne eit par kilometer med skøyting/staking ut den nesten flate Kjellstaddalen. Komen ut av dalen, må ein gå eit stykke vestover attende til bilen på Langøylia.
3.5.3 Ned via Kvitegga ➌ Komplekst
Dersom ein har lyst på ein rundtur, kan ein renne austover frå toppen til Trollaksla (1393 moh.) og vidare derifrå ned ein flott skibakke til det høgste av Blådalsvatna. Ta her på fellane igjen og sikksakk deg opp dei dryge 700 høgdemetrane langs sørvestflanken til du når toppen av Kvitegga (1700 moh.). Her ventar ei flott nedkøyring til Snødalen og Nibbedalen (sjå rute 2.16). Rundturen krev naturlegvis skyss attende til bilen ved Langøylia.
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Rånahalvøya her.