
Turbeskrivelse Sandjellet
Skituren til Sandfjellet går i lett terreng og eignar seg godt både som puddertur tidleg på vinteren og som vårskitur i ettermiddagssola.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Hornindalsrokken
- Toppunkt: 1177
- Høydemeter: 800
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Skredterreng i nokre heng på veg opp mot toppryggen, og skredterreng heile vegen ned Sørflanken, om ein vel den vegen ned att.
- Tid opp/ned: 2-3 timar
Tilkomst/parkering: Raftevollen. Ta fylkesveg 60 frå Hornindal i retning Hellesylt, og parker langs hovudvegen ved garden Raftevollen etter om lag 8 kilometer.
3.6.1 Opp frå Raftevollen ➋ Utfordrande
Følg over jorda og gjennom eit lite skogholt til du når trakka langrennsløype. Kryss denne og ta oppover lia gjennom open lauvskog. Følg deretter oppover til du når vestryggen, som du følgjer til toppen. Ein kan ta same veg ned, noko som gjev krusing i kupert og leikent terreng heile vegen ned til Raftevollen.
3.6.2 Ned Sørflanken ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein ta ei brattare linje frå toppryggen direkte ned Sørflanken.
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Rånahalvøya her.