
Turbeskrivelse Grøtet
På grunn av heilårsopen veg til den høgtliggande fjellgarden Kilsti, får du lett tilgang til Grøtet, som gjev strålande utsyn over dei indre fjordsystema på Sunnmøre, samstundes som fjellet byr på fin-fin nedkøyring.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Geirangerfjella
- Toppunkt: 1519
- Høydemeter: 1000
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Dersom du følgjer den skildra ruta opp og ned, kan du halde deg under 30 grader og dermed unngå skredterreng. Skredterreng om ein vel å køyre Søraustryggen ned att.
- Startsted: Kilsti
- Tid opp/ned: 3-4 timar
Tilkomst/parkering: Kilsti. Ta hovudvegen mellom Eidsdal og Geiranger og ta av opp mot garden Kilsti. Parker på eigen biloppstillingsplass.
10.1.1 Opp frå Kilsti ➋ Utfordrande
Ta vestleg retning og følg langs nordsida av Kilstivatnet til Kilstisætra. Frå setra kan du følgje ryggen oppover mot Bjørnahammaren, før du tek over Kilstiheia (eller gå noko brattare opp sida direkte til Kilstiheia). Ferdig med dei 500 første høgdemetrane, tek du dei neste 500 høgdemetrane opp nordaustsida til toppen av Grøtet. Det vanlege er å følgje same veg som ein kom opp, noko som gjev flott køyring i hellingsvinklar på om lag 25 grader.
10.1.2 Ned Søraustryggen ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein ta ei meir direkte linje ned søraustryggen til garden Rønneberg, noko som gjev meir samanhengande køyring. Ved dette alternativet er det ein føremon med skyss attende til utgangspunktet, då det er om lag 3 kilometer langs vegen frå Rønneberg til Kilsti. Ein kan sjølvsagt også ta turen den andre vegen, frå Rønneberg til Kilsti.