
Turbeskrivelse Ansokhornet
Ansokhornet byr på ein lett og etter kvart svært populær skitur. Det er truleg to grunnar til at turen har blitt så populær; for det første får du eit absolutt fantastisk utsyn innover heile Synnylvsfjorden frå toppen, og for det andre er turen sørvendt og solrik gjennom heile vinteren og våren.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Valldal
- Toppunkt: 888
- Høydemeter: 600
- Kilometer: 3
- Faremomenter: Ved å følgje den skildra ruta opp og ned kan du halde deg under 30 grader heile vegen og dermed unngå skredterreng. Ver likevel merksam på mogleg skredterreng om du vel å forlenge turen til Jolgrøhornet og ta ei meir direkte linje ned frå denne toppen.
- Startsted: Ringset/Ansok
- Tid opp/ned: 2
Tilkomst/parkering: Ringset/Ansok. Like ovanfor ferjeleiet Gravaneset på strekket Stranda-Liabyg- da finn du gardane Ringset og Ansok. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer ein eller anna stad langs Ansokvegen eller i området nedanfor denne.
9.2.1 Opp frå Ansok ➊ Enkelt
Det kan vere noko vanskeleg å finne rett retning gjennom skogen dersom det ikkje er skispor frå før eller bart nok til at ein ser merking for sommarsti. Frå Ansok tek ein gjennom opning i skogen til ein når ei kraftlinje, som ein følgjer nokre hundre meter oppover før ein tek nordover (høgre) gjennom ny opning i skogen i retning Ansoksætra. Frå setra får ein det første flotte utsynet mot Synnylvsfjorden, før ein tek vestover (ven- stre) gjennom opning i skogen til ein kjem inn på søraustflanken av fjellet i skoggrensa, som ein følgjer til toppen av Ansokhornet. Det vanlegaste er å følgje same veg ned som ein kom opp. Frå toppen og ned til skoggrensa får du krusekøyring i enkelt, men flott skiterreng med strålande utsyn mot Sunnylvsfjorden. Komen ned mot setra ventar artig skogskøyring gjennom furuskogen.
9.2.2 Ned via Jolgrøhornet (1253 moh.) ➋ Utfordrande
Dersom ein ønskjer ein lengre tur med brattare nedkøyring, kan ein følgje ryggen frå toppen av Ansokhornet heile vegen opp på Jolgrøhornet (1253 moh.). Frå toppen kan ein velje mellom fleire linjer med hellingsvinklar på mellom 25 og 35 grader ned mot Ringsetbotnen. Frå Ringsetbotnen kan du ta deg vidare ned mot Ringset via skogsveg, og då er du ikkje langt frå utgangspunktet.