8.3.1 Opp frå Pusken sæter ➋ Utfordrande

Om vinteren må ein gå frå parkeringsplassen på skisenteret i om lag 2 kilometer flatt innover til Pusken sæter, før ein tek til på stigninga oppover mot Dyrdalen. Komen opp i Dyrdalen, tek ein inn på sørryggen av Dyrdalstinden, som ein følgjer heile vegen til topps. Dei siste metrane opp mot toppen må ein gjerne gå til fots, eventuelt med stegjarn og/eller isøks.

Du kan sjølv velje hellingsvinkel på nedkøyringa frå toppegga til Dyrdalen. Dersom snøforholda er gode og du likar brattare nedfartar, kan du ta av ned mot Dyrdalen relativt tidleg. Vil du ha ein snillare og tryggare variant, kan du halde deg på ryggen som du kom opp, eller i nærleiken av denne, der det er slakkare terreng. Komen ned i Dyrdalen, kan du anten renne vidare ned til Pjusken sæter eller ta på fellane att og gå opp på Fokhaugtinden. Alt i alt får du då ein fin rundtur.

Finn flere fine toppturer du kan gå i Stordalsfjella og Sunnmørsalpene her