Turbeskrivelse Ørastolen
Ørastolen byr på ein middels lang og fin skitur med flott utsyn og nydeleg nedkøyring.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Stordalsfjella
- Toppunkt: 1392
- Høydemeter: 1000
- Kilometer: 4
- Faremomenter: Skredterreng i området mellom Fremste Ørabotnen og toppen.
- Tid opp/ned: 3-4 timar
8.2.1 Opp frå Langsætervegen ➌ Komplekst
Køyr eit lite stykke forbi skisenteret langs Langsætervegen og parker ved biloppstill- ingsplassen nord for der elva Fremstegrova kjem ned. Følg lia oppover på nordsida av elva til Fremste Ørabotnen, der du tek av i brattare terreng oppover mot austryggen, som du følgjer til topps.
Det mest vanlege er å følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev fin-fin nedkøyring i relativt moderat terreng. På skredtrygge dagar kan den erfarne alpinisten også velje ei brattare nedkøyring frå toppen, direkte ned sørsida mot Fremste Ørabotnen og vidare ned lia.