Tilkomst/parkering: Hornindal skisenter. Ta fylkes- veg 60 frå Hornindal i retning Hellesylt, men ta av til venstre etter om lag 1,5 kilometer ved skilting mot «Skisenter». Køyr no langs svingete vegar og parker på stor biloppstillingsplass ved skisenteret.

3.7.1 Opp frå skisenteret ➋ Utfordrande

Følg trekktraseen opp, før du tek vestleg retning forbi Hingardsvatna og vidare inn på sørflanken/ryggen som leier deg til topps. Frå toppen kan du køyre ei litt meir direkte linje ned mot Hingardsvatna, noko som gjev fin-fin krusing i flott og leikent skiterreng.

3.7.2 Ned via Guridalen ➋ Utfordrande

Frå toppvarden kan ein følgje ryggen eit par hundre meter nordover, før ein tek austover (høgre) ned Guridalen, som ofte held god snø og dermed byr på fin-fin køyring i leikent terreng med hellingsvinklar på 25-30 grader. Når ein nærmar seg botnen av dalen, må ein ta meir sørleg retning (høgre) og skråkøyre gjennom open skog til ein når skiløypa ved Storesætra, som ein då kan følgje attende til skisenteret.

Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer på Sunnmøre og Rånahalvøya her