
Turbeskrivelse Auskjeret
Auskjeret er eit av dei mest populære skifjella i denne delen av Sunnmørs- alpane. Med heilårsopen bilveg, relativt få høgdemeter og moderate hellingsvinklar, kan denne turen gjerne gjerast tidleg på vinteren.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Strandafjellet
- Toppunkt: 1203
- Høydemeter: 850
- Kilometer: 3
- Faremomenter: Dersom du følgjer den skildra ruta opp og ned, kan du halde deg under 30 grader og dermed unngå skredterreng. Fjellet har eit brattheng mot aust som er over 30 grader som du bør styre unna i skredver.
- Startsted: Fausaskiftet
Tilkomst/parkering: Fausaskiftet. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda. Ta av ved Fjellsæter- vegskiftet og følg skilt mot «Sunnmørsalpane Skiare- na». Køyr om lag 4 kilometer forbi skianlegget, til du kjem til Fausaskiftet ved enden av Nysætervatnet.
7.2.1 Opp frå Fausaskiftet ➋ Utfordrande
Ta den slakke sørflanken og vidare inn på sørryggen, som du følgjer heile vegen til toppen av Auskjeret. Det vanlege er å følgje same veg ned, noko som gjev fin-fin krusing i skredtrygt terreng. Øvste delen av sørryggen har ofte vindpakka snø.