Tilkomst/parkering: Kvistad eller Kvistadsætra. Følg fylkesvegen mellom Ørsta og Sæbø. Ta av over bru ved skiltet «Kvistad» 3,5 kilometer vest for Sæbø, og køyr om lag ein kilometer langs grusveg til bommen ovanfor Kvistad-gardane. Snøforholda avgjer om ein må gå dei 4 kilometrane langs den vinterstengde setervegen eller om ein kan køyre bil heilt fram til Kvistadsætra. Parker langs vegen ved Kvistadsætra viss det er mogeleg eller køyr til vegens ende og parker på biloppstillingsplass framom Årsetsætra.

1.27.1 Opp frå Kvistadsætra ➋ Utfordrande

Frå Kvistadsætra kan du skli ned i dalbotnen under Rognestøyltindane, før du tek på fellane og sikksakkar deg oppover til hengedalen under Rognestøyltindane og Klovtin- dane. Frå hengedalen tek du sørover (venstre) opp sida til Nordre Klovtind. Ein kan følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev fin-fin krusing i hellingsvinklar som for det meste held seg under 30 grader.

1.27.2 Ned Austflanken ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein ta ei brattare linje mot aust, frå toppen og direkte ned mot dyrkingsfeltet framom Årsetsætra.