Tilkomst/parkering: Tronstad. Følg hovudvegen mellom Hellesylt og Hornindal. Parker og betal for dette ved grendahuset på Tronstad om lag 8 kilo- meter vest for Hellesylt. Grendahuset ligg på motsett side av hovudvegen i forhold til Tronstadsætra og Lianibba. Ta skia på skuldrene og kryss hovudvegen til garden Tronstad.

3.3.1 Opp frå Tronstad ➋ Utfordrande

Gå over jordet og gjennom ei opning i granskogen. Følg skilt til Tronstadsætra over ei bru og vidare opp gjennom open bjørkeskog til Tronstadsætra. Frå setra følgjer du dalføret sørvestover (høgre) og peilar deg inn på ryggen ovanfor Tronstadnakken (766 moh.), som du følgjer til Lianakken (1144 moh.) og vidare til toppen av Lianibba. Ein kan følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev fin-fin krusing i flott skiterreng. Vi rår likevel til at ein tek rundturen skildra nedanfor.

3.3.2 Ned via Kalvedalsegga og Kvanngrønakken

Utfordrande

Dersom ein har lyst på ein verkeleg flott rundtur, med nydeleg nedkøyring, kan ein frå toppen renne i nordleg retning til det lågaste punktet på ryggen mellom Lianibba og Kalvedalsegga, før ein tek på fellane att og tek seg opp på Kalvedalsegga (1465 moh.). Hald heile vegen god avstand frå skavlar mot aust (høgre). Komen opp på toppen kan ein svinge seg ned nedover ryggen til Kvanngrønakken (1262 moh.), og vidare ned til Tronstadsætra. Ein kan sjølvsagt også gå turen motsett veg.