Tilkomst/parkering: Kjellstadlia. Følg hovudvegen mellom Hellesylt og Hornindal. Parker langs hov- udvegen i nærleik av garden Kjellstadlia om lag 12 kilometer vest for Hellesylt.

3.4.1 Opp frå Kjellstadlia ➋ Utfordrande

Følg i slakt terreng over myrar og etter kvart opp gjennom open lauvskog til du når ryggen på Røyrhusnibba. Følg først vestsida av ryggen og seinare sjølve ryggen til fortoppen, og pass deg for skavlen når du skal frå denne til hovudtoppen.

Ein kan ta same veg tilbake, noko som gjev flott krusing i moderat terreng og etter kvart gjennom open lauvskog. På skredtrygge dagar kan ein også køyre brattare rennefor- masjonar ned mot Terdalen, før ein tek nordover (høgre) tilbake mot utgangspunktet.

Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Rånahalvøya her