Tilkomst/parkering: Korsmyra. Ta hovudvegen mellom Eidsdal og Geiranger og parker ved biloppstillings- plassen på Korsmyra.

10.2.1 Opp frå Korsmyra ➌ Komplekst
Ta på skia og gå nordvestover, under Turvasshornet, og opp sida mot Geitfonnegga.

Følg deretter den slakke ryggen heile vegen oppover til toppen av Eidshornet.

10.2.2 Ned Direktevarianten ➌ Komplekst

Du kan anten køyre ned same veg som du gjekk opp eller køyre brattare ned sørsida, ned i dalsøkket mellom Geitfonnegga og Soleihornet, som du følgjer slakt nedover med eit stadig meir spektakulært utsyn over fjorden. Hugs å ta av mot venstre i tide, før du tippar utfor og hamnar i fjorden nokre hundre meter under deg!

Se her for å finne flere flere toppturer du kan gå på Sunnmøre og i Geirangerfjella.