På ein fortopp til Middagshornet. Kolåstinden ruvar over Romerdalen. Foto: Håvard Myklebust.
Lesetid: 2 minutter
Samstundes kan ein køyre bil høgt opp under fjella langs dei bratte og spektakulære vegane i området.
Vi tilrår derfor at ein tek desse toppturane seint på våren.
Oversiktskart over Storfjordområdet del 2.
Fjell og turar i oversiktskart
2. Skårene er eit av dei høgste fjella i området. Nedkøyringa frå toppen er lang og fin.
3. Eidshornet er ein flott stortopp som byr på moderat nedkøyring med spektakulært utsyn over Geirangerfjorden.
4. Blåtinden byr på ein kort, men flott topptur med fin-fin skikøyring og er ein skikkeleg vårklassikar.
5. Frå toppen av Dalsnibba kan ein velje ei moderat nedkøyring sørover mot Litledalsvatnet og vidare ned til vegen ved Djupvatnet.
Storfjordområdet
Dei nordlege og austlege fjellområda på Sunnmøre når ein ved å følgje den dominerande Storfjorden inn frå kysten, med den verdskjende Geirangerfjorden som avslutning.
Kring desse fjordane finn ein ei rekkje kjende turistplassar med kjende overfartsvegar og utkikksplassar som Trollstigen, Ørnesvingane og Dalsnibba.
Tafjordfjella er det største av turområda på Sunnmøre om ein måler etter areal.
Fjella er jamt over høgre her enn på Kolås- og Rånahalvøya, men dei er også mindre alpine i forma.
Tafjordfjella er leikegrinda til Ålesund og Sunnmøre turistforening (ÅST), som driftar fleire overnattingshytter i området.
Vinterstid er det lite trafikk i området, og dermed blir også navigeringa meir krevjande.
Men til påske brukar ÅST å merke skiløyper mellom dei ulike hyttene i området.
Med dette opnar det seg også sjansar for lange og etter måten slakke toppturar på ski, til kjende toppar som t.d. Puttegga, Karitinden og Torvløysa.
Etter at Dalsnibbevegen og Trollstigen opnar ein gong i mai, opnar det seg også mogelegheiter for relativt korte toppturar til dei høge fjella som omkransar desse høgtliggande, vinterstengde vegane.
Men tidlegare på vinteren tilrår vi flotte toppturar i nærleiken av skianlegga i Stordalen, på Ørskogfjellet og på Strandafjellet.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.