Tunnellen har akkurat plass til bussen, men sjåføren slakkar ikkje ned. Vi forsvinn inn i mørkret.

Vinter-rommet
Det frie liv under fire ulltepper i eit nødrom i fjellet.
Massive fjellveggar flimrar forbi på begge sider, berre nokre få centimeter utanfor vindauga. Det verkar som vi har starta på ein runde under bakken i Cern, og håpar berre at ingen har sendt ein tilsvarande partikkel inn i motsett ende av tunnelen.
Men etter ei svimlende slynge inne i fjellet vert vi spytta ut i dagen igjen, framleis i den same farta. Framfor oss ser vi ei demning og store, snøkledde fjell. Vi forstår at vi er framme, og dreg i snora.
Laget består av meg sjølv, Tore Kjetil Sørheim og Vidar Innselset. Vi har ei veke på oss, og planen er framleis litt uklar. Men vi drøymer om å gå ei linje på kartet, ein travers, der vi startar i Austerrike og bevegar oss mot Sveits.
Silvretta-området
Silvretta-området ligg på grensa mellom Austerrike og Sveits, og kan nåast frå begge land. Enklast er tilkomsten frå Bielerhöhe på den austerriske sida, her tek gondol og buss deg opp til 2000 meter.
På sveitsisk side er Klosters eit godt utgangspunkt, turen opp til Silvrettahüttefylgjer ein svært fin dal, stigning ca 1000 m.
Området er mykje brukt, spesielt på grunn av den enkle tilkomsten frå Bielerhöhe. På austerrisk side ligg fleire store hytter i paralelle dalar, den største, Wiesbadener Hütte, tek 180 gjestar.
Silvrettahütte er mindre og har plass til 57 gjester i sovesal på 4-20 senger. Mot eit tillegg i pris kan ein booke eige 4- eller 6-personsrom.
Heile området er alpint og har fleire toppar over 3000 m. Den sveitsiske sida er prega store brear, breerfaring er ein føresetnad for å kunne bevege seg trygt her. Piz Buin er den mest kjende toppen i området. Den er relativt lett tilgjengeleg, tau anbefalast eit lite parti.
Det er tett mellom hyttene, ein kan lage mange variantar av traversar og rundturar i området.
Om en vil unngå skispor, kan ein prøve å bu på Winterraum, det er merkbart mindre skispor i området rundt desse hyttene. Merk at dette berre er mogeleg dersom hytta ikkje har opna for sesongen. Vi budde to netter i vinterrommet på Saarbrücker Hütte.
Vinterromma står ulåste og har kokeapparat til matlaging og snøsmelting, men ikkje vedfyring eller mogelegheit for oppvarming.
Vinterromma har ullteppe og puter, vi la att soveposane og angra ikkje på det.
Vinterromer også rimeleg, vi betalte omlag 80 kr pr natt pr person. På opne hytter varierer prisane litt, men ein må rekne med ca 400 for overnatting og omlag det same for servering.
På betjente hytter kan ein ikkje lage eigen mat.
Planlegginga skjer etter deduksjons-metoden. Vi hugsar å ha sett nokre spennande foto frå Silvretta, eit fjellområde på grensa mellom Austerrike og Sveits. Så leitar vi på kartet etter hytter i området og undersøkjer litt meir ei veke før avreise:
ei av hyttene er ikkje open i det heile om vinteren
nokre er fulle
ei verkar altfor stor etter vår smak
ei er stengt på grunn av fare for fjellskred
Det er som om usynlege krefter fører oss mot eit siste alternativ, eit som forsvann ut iførste del av prosessen fordi den ikkje hadde opna: Saarbrücker Hütte.

Men sjølv om den ikkje er open, har den eit såkalla Winterraum, ein ulåst del hytta som har funksjon som nødrom i fjellet. Vinterromma er etter det vi forstår svært sparsame når det gjeld komfort, dei vi snakkar med åtvarar oss: Det finst ikkje oppvarming, berre eit gassapparat, og både rom og senger kan ofte vere ganske slitne. Men vinterrommet skal vise seg å ha sine heilt klare fordelar.
Men vinterrommet skal vise seg å ha sine heilt klare fordelar.Morgonflyet frå Oslo og ei lettare heseblesende leigebil-ferd gjennom Sveits gjer at vi kryssar grensa til Austerrike midt på dagen. Eit akkurat litt for langt handlestopp fører til endå meir heseblesande pakking på parkeringsplassen i den vesle landsbyen Partenen.

Til slutt må vi avbryte den vanlege «kva skal ut» - delen av pakkinga ettersom sekkane er fulle og vi forstår at den siste bana for dagen er i ferd med å gå. Vi stappar resten av pølsene og osten i lommene, og ein tydeleg irritert heisførar får til slutt vinka oss inn i gondolen.
På toppen av gondolen, midt oppe i fjellsida, ventar ein buss som allereie er halvfull av folk. Så fører altså ei svimlande tunnellferd oss fram til utgangspunktet der vi dreg i snora: Vermuntstausee ved Bielerhöhe.
Ein annan passasjer hoppar fortumla på igjen i siste liten idet han forstår at han ikkje skal av saman med oss, og Harry-Potter-bussen forsvinn ut av syne, framleis i den same farta.
Vi er heilt åleine.
– Er ikkje det hytta vår?
Vidar peikar oppover. Som eit Soria-Moria-slott anar vi den på ei skulder oppe i ei fjellside. Fordelen med å starte på 1747 moh er innlysande, det er berre 800 meter stigning opp til hytta som ligg på 2538 moh.
Men bakdelen er like innlysande - vi har null akklimatisering til høgda, og med fullstappa sekkar og lite søvn er det overraskande tungt å gå. Før vi tek fatt på dei siste bakkane er stjernene komne fram på himmelen, hytta ligg framleis mørk, og vi byrjar forstå at vi faktisk får den for oss sjølve.«Winterraum» står det med store bokstavar over døra. Ein liten stige har ført oss opp på taket i bakkant av hytta, der ho ligg heilt inntil fjellet. Og det er verkeleg eit vinterrom, temperaturen er omlag som ute. Men bortsett frå temperaturen er all åtvaring fullstendig grunnlaus.
Ein liten gang fører innover, vi finn raskt kjøkenet. Det er lite og spartansk utrusta: kjøkenbenk i rustfritt stål med eit stort gassapparat, gryter, nokre koppar og fat og litt bestikk. Soverommet på andre sida av gangen har køysenger til om lag 20 personar, reine og fine ullteppe og pute ligg ferdig samanbretta på kvar seng. Ei stengd dør fører inn til det vi forstår er hovuddelen av hytta, den som enno ikke har opna.
Temperaturen stig raskt idet vi fyrer opp gassapparatet, eg tek ein tur ut på taket for å hente meir snø. Månen har kome opp, vegen og demninga viser såvidt der nede, rundt oss ligg spisse fjelltoppar bada i kaldt månelys.
Det er noko både skræmande og tiltrekkjande med fjell om natta, dei verkar større og meir utilgjengelege. Og eg har ei spesiell kjensle i kroppen den første dagen av ein lengre tur som dette. Så mykje er enno ukjent, så mykje er enno moglegheiter vi veit kjem til å falde seg ut undervegs, vi veit berre ikkje korleis.Vi har sett fleire ukøyrde linjer på vegen opp. Dessutan fell augene mine på den store toppen rett bak hytta, Gross Seehorn. Eg tek inn landskapet i eit siste, langt drag og går inn til dei andre. Og ikkje lenge etter fylgjer vi Vidar sin egyptiske stil og pakkar oss inn i fire ulltepper kvar.
- Trur de det kan vere Piz Biun? Vi har kryssa den sveitsiske grensa og stå i eit skar bak Gross Seehorn. Tre mindre fjellryggar ligg på linje bak kvarandre i nyansar av blått med perfekt og nesten urørt frikøyringsterreng. Bak det ligg store brear og enorme veggar. Og toppen som har ligge i underbevisstheita heile tida, solkremtoppen, har byrja ferda opp gjennom bevisstheitslaga i hjernen.
Seehorn er bratt og eksponert og ser ut til å ha dårleg snø. Dessutan ligg vegen vidare i skuggen. Valet vert enkelt. Vi bind heller saman tre nedkøyringar i austvendt terreng før vi går opp til hytta igjen og tek lunsj i solveggen
Pulsen går dramatisk opp då ein bratt travers rett frå hytta fører oss inn i ei lita renne og ned i dalbotnen. Så siktar vi oss inn mot ei ukøyrd, flanke på motsett side av dalen, og i skumringa trakkar eg og Vidar oss opp eit siste snøfelt som vi innser kjem til å heimsøkje oss dersom vi let det ligge uspora att.Igjen er stjernene framme før vi er attende på hytta. Vi har eigentleg berre med mat for ein dag, men litt bevisst middagsrasjonering kvelden før og osten og pølsene vi ikkje rakk å legge att i bilen reddar kvelden. Det blir ein natt til i vinterrommet.
Dagen etter lager vi vår eiga høgrute over til Silvrettahütte.I det vi nærmar oss hytta står sola lågt og eit skoddeslør legg seg under oss. Hytta låg opprinneleg heilt oppe ved breen, og var nok ei av dei finaste plasserte hyttene i området.
No har breen smelta minst ein kilometer, og sjølv om hytta framleis ligg fint på ein liten bakkekant med utsikt nedover dalen, har den ikkje lenger utsikt direkte til breen. Skodda stig akkurat litt for høgt, vi forsvinn inn i ein kvit vegg idet vi sklir siste stykket ned til hytta. Dermed kan vi gløyme planen om ei øl i kveldssola.
– Her er sengene dykkar. Og frukosten varer til sju. Hytteverten snakkar tysk, og vi høyrde sikkert feil.
– Untschuldigung, Frühstück von sieben Uhr? prøvar Tore.
– Bis sieben, svarar ho.
Frukosten varer til sju. I eit glimt lengtar vi attende til det frie livet på Saarbrücker. Hytterutinene kjenner vi frå året før, og etter å ha plassert utstyr, fått utdelt sengar og forstått at all forhandling på frukosttidspunkt vil vere nyttelaust, finn vi matsalen.
To netter i Winterraum med lett matrasjonering viser seg å vere den perfekte oppladninga til ei betjent alpehytte, og sjølv om vi i starten er litt urolege for små middagsporsjonar, losnar stemninga då vinen kjem på bordet og kokken på slutten av måltidet tek to rundar frå bord til bord med grytene for å få tømt dei.– Er det toppen?
– Oouups.
Motet synk i oss. Fjellet vi har nærma oss dei siste dagane er plutseleg innan rekkevidde, og det ser skræmande ut. Ei lang breferd over Silvretta-breen gjev eit første glimt i retning toppen, og vi innser at det på langt nær er sikkert at vi har lyst opp.Men motet skal stige igjen. Oppe i eit skar får vi den første skikkelege utsikta mot toppen. Og det viser seg at det finst to Piz Buin. Dei er tvillingar. Vi har sett den minste, Kleiner Piz Buin, som hytteverten vår har åtvara imot, toppen kan visst falle ned når som helst. Vi har ingen interesse av å bli siste-bestigarar av den, og flyttar heller blikket mot det vi forstår er Grosser Piz Buin.
Ein snøflanke fører opp mot ein litt uryddig parti med fjell og snø langs ein rygg, deretter ser vegen til toppen grei ut.
– Eg blir her. Vi står ved foten av Piz Buin. Tore innser at det vert luftig og at han må av med skia for å kome opp. Han er den sterkaste av oss i bratt terreng så lenge han har ski på beina, men tek ein frå han skia vert han som Samson utan håret. Han har heldigvis med den store dunjakka, og etter etter ein langspurt opp ryggen er altså eg og Vidar oppe ved himmeltrappa.
Og må – i vår alder – på med tauet. Vidar finn seinare ut at det truleg kostar oss ei topp-plassering på Strava, men til gjengjeld kan vi puste roleg, ta ei litt brattare rute opp og unngå dei som kjem nedover trappa.Og etter å ha sikra omlag 15 meter legg ryggen seg og vi kan gå det siste stykket til toppen.
Men ei kjensle av å vere seint ute og langt heimanfrå ligg i kroppen, vi slappar ikkje heilt av, og tek raskt fatt på returen.– Stoooopp!
Eg har bråstoppa midt i nedkøyringa og viftar med armane. Tore ligg først og høyrer ingenting, men Vidar forstår at det skjer noko. Eg peikar oppover.
– Trur du vi rekk det?
Silvretta-breen fram og attende har slukt mykje krefter, men Silvrettahorn ser så nært ut. Middagen på hytta byrjar kl 1830. Det kan gå.
– Ok, vi prøvar, seier Vidar, han har alltid meir krefter og byrjar legge på feller igjen.
Tore har stogga på flata og kjem trakkande opp igjen i fiskebein. Han forstår nok opplegget.
– Sjåast til middag, seier han og gjev oss sjokoladen.
Ei snøbyge er på veg, tvillingane er borte i skyer, vi rekk akkurat opp til den store krossen i det lette flak byrjar dale frå himmelen.Og etter ei økt intens balanseøving på egga og ei nedkøyring i bratt, gjenfrosnen og totalt oppspora snø som tek frå oss eikvar livsløgn om å vere brukbare skikøyrarar, sklir vi til slutt inn på Silvrettahütte to minutt før middag, etter å ha logga 2 mil og nesten 2000 høydemeter. Kokken får tømt grytene utan problem.
Neste morgon kjem knekken. Hittil har alt lagt seg naturleg til rette i vår litt impulsprega turplanlegging som er mogeleg fordi vi er berre tre i gruppa og kjenner kvarandre godt.
Dagane i høgda med relativt tunge sekkar har teke på kroppen, og vermeldinga gjer oss usikre. Det har blitt betre enn meldt kvar dag, men denne dagen ser yr og utsikta ut vindauge til å vere samstemte, det er heilt kvitt.
I motsetning til første del av turen er vi no på sørsida av fjellrekkja, mesteparten av terrenget er solpåverka etter ein lang periode med høgtrykk. Og med overskya og kaldt ver er resultatet skare. Vi kan oppsøkje det vestvende terrenget vi kom over på høgruta vår, men dit kjem ikkje lyset før utpå ettermiddagen.

Alternativet er å flytte oss vidare sør og aust. Men hytteverten åtvarar oss og seier det er mykje mindre snø på den sida av breen i år.
Vi sjekkar kart, går i ring, ser på værmeldinga, bestiller Rösti til lunsj, er dei einaste gjestane på hytta som ikkje har gått, og føler vi er i ferd med å kaste vekk dagen sidan vi ikkje greier å bestemme oss.
Til slutt prøvar vi å vende attende til utgangspunktet. Vi drøymde trass alt om å teikna ei linje på kartet, før vi møtte den gode snøen og dei store fjella. Eventyret dreg oss i retning det ukjende. Vi pakkar sekkane og tek fatt på bakkane oppover Silvretta-breen igjen.
Breen er akkurat like seig som dagen før. Men i staden for å byrje på oppstigninga over til Piz Buin, siktar vi mot eit skar lågare nede. Og skaret er som ein portal til ei anna verd. Snøen er fullstendig herja av vind, det er stein over alt og iskaldt, og eg trur tanken slår oss alle tre samstundes.Må vi alltid gå våre eigne vegar?
Kvifor ikkje berre høyre på hytteverten?
Men no orkar vi uansett ikkje å krysse breen igjen, så det får stå til.
– Eg håpar berre han der har tenkt å stå ein dag til? seier Vidar og peikar oppover. Det er den yngste tvillingbroren frå dagen før. Han som er i ferd med å miste balansen. What do we say to the god of death, tenkjer eg, og tek av fellane.
– Not today.
Kjenslene er blanda idet vi køyrer nedover. Skiføret er ikkje-eksisterande. Alt er vindherja og goldt og skuggefullt, og vi er i fallsona for eit heilt fjell. Vi passerer ei hytte i dalbotnen, den vi vurderte som startpunkt men som var stengt grunna fare for fjellskred.No forstår vi samanhengen, og det kjennest ut som ringen er slutta. Og dette er nok, like mykje som mangelen på snø, grunnen til dei blanda kjenslene. For det kjennest på mange måtar ut som turen vår er over. Eg trudde eventyret skulle halde fram her, biletet av eit nytt, stort, pyramideforma fjell, Piz Linard, var allereie i ferd med å feste seg i hjernen. Men di lenger ned dalen vi kjem, di mindre snø blir det, og di fjernare verkar snøen og fjella oppe på Silvretta-breen. Og etter dei lange dagane i fjellet byrjar vi også å kjenne at vi er slitne.
Samstundes er dalen vi er på veg ut svært vakker, med lerkeskog og velstelte markar.
Til slutt, etter å ha teke skia på og av sikkert ti gongar, når vi den vesle landsbyen Guarda.
Den vart til under vegs, ei svingete linje med krusedullar hit og dit. Kanskje litt som livet? Men det vart vår linje. Den kan heilt klart gjerast på kortare tid, men det er ikkje vår stil. Ikkje no.Der ei linje sluttar, byrjar ei ny. Etter ein kollektiv knekk nummer to i gruppa utanfor den vesle butikken, startar så smått eit nytt eventyr som skal føre oss i sokkelesten til ein tilfeldig pub i ein tilfeldig landsby same kveld, til terreng og laussnø og vårsol som skal gje oss sjølvtilliten på ski attende allereie neste dag, og ei rundreise for å finne att bilen i Austerrike.
Men det er ei anna historie.

Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.
Alle abonnement fornyes automatisk. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.





















