Teipa ankel, operert skulder – Oda trosser skadane for å klatre
Det finst to måtar å nå «Lynveggen» på: med båt eller ved å rappellere. Oda Marie Lamo (25) vel valget å bruke tauet – sjølv med ein fersk forstuing i ankelen.
– Eg synes dette er det finaste feltet i verden, seier Oda Marie Lamo (25). Gleda lyser frå augo idet ho kastar frå seg krykkene og fortsett ned siste stykke av den bratte og kronglete råsa til “Lynveggen”, ein liten køyretur frå Volda.
Feltet er nøye utvalgt. Her ventar det hard klatring, upåklageleg utsikt og ein vakker solnedgang om ho er like heldig, som tolmodig.
Krykkene kan ikkje hjelpe ho noko lenger. No må Oda stole på teipinga ho har gjort i forkant.
– Fotballen har skulda, seier ho medan ho løftar ankelen og svinger litt rundt på den. Ho ser oppgjett ut når ho fortel om skadane.
HER, MEN IKKJE LENGER: Her blir krykkene liggande til økta er ferdig. Sjølv om ankel er forstua, stopper ikkje det Oda i å utfordre seg på dagens økt.
I tillegg til ei operert skulder, er overtrakken i høgre ankel noko ho har slete med lenge.
– Det starta på fotball då eg var yngre. Har ein først hatt nokre kraftige overtrakkar, skal det so lite til for å ruske det opp igjen.
Denne gongen er det returen med tung oppakning frå ei klatrehelg i Molladalen som er syndaren.
– Vi klatra Sørveggen på Raudetårnet og Venstrekanten på Blåtårnet. Vêret blei ikkje heilt som meldt, men vi fekk gjort noko veldig fin klatring likevel. Sistnemnde rute imponerte stort med fine riss og mange kule flytt. På veg tilbake til bilen trakkar eg desverre over igjen... Ein skadar seg jo aldri på noko kult. Det er alltid sånne tullete uhell til eller frå sjølve aktiviteten.
Oda strammar skrukarabinen på rapellen og eg gjer meg klar. Dagens klatring er nemleg ikkje for kven som helst det heller. Det er berre to måtar å komme seg til dette klatrefeltet på: Med båt eller rapell. Her skal ein ha både kunnskap og erfaring før ein set utfor.
FORSTUA: Dette er ikkje første gongen Oda dukkar opp med teipa ankel på klatrefelet.
– Det er kanskje litt tungvindt, men til gjengjeld har ein nesten alltid feltet aleine. Det er veldig luksus med utsikt over fjorden og lyden av bølgene. Når eg er her føles det ut som at tida står heilt stille.
Veggen vi står over er ei lodrett, svakt overhengande klippe, som stuper rett ned i Austefjorden. Når eg lener meg over kanten kan eg skimte det som må vere hylla vi skal rappelere ned på. Veggen er sørvestvendt, som gjer moglegheit for vakre solnedgangar og gode klatreforhald både tidleg og seint på sesongen.
Å stå på toppen av en spiss pinakkel er noe av det tøffeste en fjellklatrer kan oppleve. Her er noen av Norges kuleste tindenåler.
Rutene består av tynne, fine lister. Her får ein testa både fingerstyrke og teknikk. Oda osar av tryggheit og ro, dette kan ho, men klippeklatring har ikkje alltid vore kvardagskost for den nyskjerrige bergenseren.
Oda vaks opp med to andre søsken på Laksevåg i Bergen. I eit passeleg stort hus, nær skogen og byfjella, fekk ho tidleg kjenne på friluftsglede.
– Foreldra og besteforeldra mine tok oss alltid med ut. Vi var mykje i fjellet, på langrenn og fjellski og fyrte sikkert fleire bål enn eg kan hugse. Vi gjorde sjeldan noko ekstremt, men det kunne også vere ukomfortabelt med lange, kalde turer i regn, og skumle, bratte bakker på tynne langrennsski.
– Opplevingane har gitt meg tryggheit, meistring og glede i naturen.
I tenåra begynte Oda å utforske eit litt anna friluftsliv enn det ho blei introdusert til i barndommen.
– Eg blei veldig inspirert av tanta mi. Eg synest ho var so kul og kunnskapsrik, og ho tok meg med på mange lengre turar i fjellet. Det synest eg var skikkeleg stas. Ho er litt meir sånn ekspediasjonstype. Ho går lange turar i fjellet heile året, og inspirerte meg til å gjere det same. Det var ho som lærte meg å sette opp telt, og å skifte dekk på bilen. Eg ser veldig opp til ho, og alle turane ho reiser på.
Oda fortel at ho som ungdom lett kasta seg utpå soloturar med fjellski og pulk, og at det
ikkje var uvanleg at ein lett joggetur i fjellet blei til eit langt natteprosjekt fordi ho “berre måtte ha ein topp til”, eller hadde gått seg vill.
Romsdalshorn i Rauma i Møre og Romsdal er en virkelig klassisk klatretur du bør vurdere på din neste norgestur. Her er guide til klatring på nordveggen av fjellet (grad 4).
– Eg er vel sånn som ofte vil “pushe” det så langt det går. Eg kan lett ta fri frå studiet dersom snøen dumpar, planlegge fleire turar på same dag, og klatre sjølv om ankelen er forstua. Eg ser stort sett moglegheiter framfor avgrensingar.
Foreldrene til Oda var sjeldan bekymra. Dei gav ho tillit til å utforske, og stolte på at ho tok ansvar. På den måten turde ho å reise på både korte og lange turar allereie i ung alder.
– Det var viktig. Dei var sjølv vandt til friheit frå sin eigen oppvekst, so at dei gav det vidare til meg og mine søsken er eg svært glad for.
Oda pirkar litt i teipen på den lealause ankelen. Den stoppar ho ikkje frå å vere aktiv, vertfall ikkje i dag. Ho har alltid hatt mykje energi og vilje. Som ung testa ho ut dei fleste idrettar og aktivitetar før ho som nittenåring oppdaga klatring på Nordmøre Folkehøgskule.
– Det var ei ny oppleving for meg. Då visste eg ikkje kva trad betydde, og eg skjønte ikkje kva alt dette utstyret folk dreiv å rangla rundt i fjellet med var.
NESTE TAK: Oda Marie Lamo skjerpar fokuset i sikte mot neste flytt.
Begrep som “naturleg sikring”, “fallfaktor” og "jamming" var heilt gresk for ho. Som med mykje anna, blei Oda oppslukt i aktiviteten. Ho ville klatre og buldre heile tida, og følte at ho ikkje kunne gå lei.
Etter eit år på folkehøgsule flytta ho til Trondheim for å bli ingeniør, og etter to år med studier på NTNU, blei saknet etter fjell og eit meir spontant liv for stort.
– Eg hadde høyrt litt om Volda, og tenkte at det sikkert var mange som dreiv med klatring der. Journalistikkstudiet verka spennande og kreativt, so eg pakka sakene og vende snuten sørover.
Etter å ha tatt eit tradkurs brukte Oda mykje tid i klatrehallen der det var lett å kome i kontakt med folk, og etterkvart hadde ho fått seg eit lite nettverk.
– ”No skal eg klatre mykje!”, sa eg til meg sjølv, men miljøet var stadig avgrensa, og studentane flytta mykje på seg.
Oda Marie Lamo
Alder: 25
Frå: Laksevåg, Bergen
Yrke: Tilkomsttekniker
Bakgrunn: Oppteken av friluftsliv frå ung alder. Aktiv klatrar på Nordmøre folkehøgskole. Gått studier i Trondheim og Volda. Jobba som guide med kajakk og Via Ferrata. Kursa seg nyleg til tilkomsttekniker der ho no jobbar med prosjekt i Noreg og offshore.
Vis mer
Oda sakna spesielt fleire damer, og starta difor “jentekilter” med ei venninne. Ein gong i veka møtes dei for å kiltre og stifte bekjentskap. Både alder, nivå og erfaring varierar. Fokuset er på å backe kvarandre, dele beta, skape klatreglede og eit godt miljø, noko dei har fått bekreftande tilbakemeldingar på.
Målet om å bli heilt sjølvstendig i fjellet prega kvardagen i Volda, og Oda brukte mykje tid på ski og klatring. Sesong og vêr spelte lita rolle, so lenge det gjekk an å kome seg ut. Ofte var bilen fylt med både vinter- og sommarutstyr. Trangen etter meir kunnskap førte Oda til Nordnorsk klatreskole, der ho var klar for eit halvårskurs. Ikkje mange månadar før oppstart gjekk selskapet konkurs, og Oda stod utan plan for det komande semesteret.
– Eg hadde søkt permisjon frå studiet i Volda, og blei so klart både lei meg og stressa. Kva skulle eg fylle tida med no?
I tillegg til eit enkeltemne på høgskulen, starta ho med kurs for å bli tilkomsttekniker. Ei venninne med same yrke hadde skrytt av det, og tilrådde Oda å prøve. Tanken om ein “åtte til fire-jobb” på kontor var ikkje noko som freista. Dermed verka dette som ein spennande veg for den entusiastiske klatraren.
– Eg betalte for kursa sjølv, men sida eg ikkje hadde fagbrev var det nokre som meinte at det var ein dårleg idé. Folk eg snakka med sa at eg kanskje ikkje ville stille like sterkt som andre. Eg veit at eg er god på å lære nye ting og var gira på å jobbe praktisk. Etter kursing tok det litt tid, men eg fekk jobb!
I det svenske selskapet Industriklättrarna får Oda oppdrag i Noreg, og offshore.
– Vi jobbar på ulike prosjekt. Det kan innebere alt frå å montere stillas, stramme boltar eller drive vedlikehald. Eg diggar det! Kombinasjonen av praktisk og løysingsorientert arbeid med tau trives eg svært godt med. Eg elskar jo å vere i tau!
– Eg elskar jo å vere i tau!
Når eg studerer veggen frå rapellen eg heng i synest eg det ser krevjande ut. Oda er raus med støttande ord medan eg fyrer meg ned på hylla. Ikkje lenge etter skal ho få klatringa til å sjå leikandes lett ut. Ho må vere fylt med so mykje driv og nyskjerrigheit tenker eg. Flytta er elegante og klipsa nesten lydlause. Lyset er perfekt. Staden er perfekt. Dette er perfekt, mumlar eg for meg sjølv. Oda har likevel eit par lange fall, og saman med godt humør gjer det økta både uforutsigbar og underhaldande.
Mykje av inspirasjonen hentar ho frå venner og bekjente i miljøet.
– Nokre rå damer eg kjenner klatra storvegg i Romsdalen i fjor. Då var dei to dagar i veggen, og klatra mange taulengder. Det blir ein jo berre sjukt inspirert av, smiler ho.
Noko anna som gjer tjuefemåringen gira er å høyre historier frå “legendane” i området.
– Nokre av dei som klatrar her er jo dei som har vore med på å grunnlegge og starte klatringa i området. Dei har sikkert etablert hundrevis av linjer som dei stadig klatrar. Eg kan sjå at ho blir inspirert berre av å snakke om dei.
Tilfeldige møter med mellom anna Stein P. Aasheim (73) og Tore Lundberg (68) er augeblikk ho hugsar godt. Aasheim er kjend for å ha deltatt på ekspedisjonar som Trango-ekspedisjonen i 1984 og den første norske bestiginga av Mount Everest i 1985. I tillegg var han med på å etablere klatreklubben på Sunnmøre. Lundberg har også gjort seg til kjenne i området. Han har mellom anna etablert fleire av felta som Oda klatrar på.
Filmen om Trango, og den største triumfen i norsk klatrehistorie, har klipp fra '84-turen som aldri før er blitt vist. For å finne frem til filmrullene måtte regissør Christopher Carvasal på skattejakt.
– Det er veldig kult å sjå kva han har laga, men også å sjå at han stadig klatrar dei linjene han etablerte for lenge sidan. I tillegg er han er god på å dele både informasjon og erfaringar visst ein spør.
Kveldens siste solstråler legg igjen ein gyllen farge på huda til Oda. Kontrasta er stor til den kvite kalken som flyr gjennom lufta. Dagen i dag er nydeleg på alle måtar, men det er ikkje alltid klatreturane er like idylliske.
– I vinter skulle eg klatre Jeksla, ein av Kvistadkjerringane i Ørsta, med ei venninne. Vi gjekk opp på feil side av pinakkelen, og der var det laust. Det var vanskelegare enn forventa, men vi valde likevel å fortsette. Eg blei utpsyka, og i det eg belastar tauet for å ta ein pause, løsnar ei heil steinblokk. Den må ha vore rundt 1 meter x 40 cm, og kanskje 40 cm tjukk. Den suste nedover fjellsida, og eg blei med. Heldigvis heldt neste sikring, og eg stoppa rett over bakken. Marie, som stod under, klarte å komme seg inntil fjellveggen før steinen kom. Det var veldig dumt og vi tok unødvendig risiko.
HEIMIGJEN: Oda Marie Lamo pakker saman utstyret før ho haltar seg tilbake til krykkene og opp den bratte og kronglete vegen.
Oda slapp med skrekken og eit solid hakk i hjelmen. I tillegg lærte ho mykje av hendinga, og no er ho glad for at dei fekk ein real oppvekker, utan for store konsekvensar. På veg heim igjen møtte jentene nokre legevenner som også hadde vore på tur denne dagen. Før Oda rakk å spørje var undersøkinga i gong.
– Dei sjekka haudet og nakken min, og vekte meg gjennom natta i tilfelle eg hadde fått hjernerystelse. Eg hugsar at i det ho eine klemte meg, so brast eg ut i gråt. Då kjende eg meg trygg og godt i varetatt. Sånn er klatremiljøet synest eg. Folk passar på kvarandre.
Framover har Oda mykje spennande å glede seg til.
– Det blir ein bra sommar. Eg er gira på å utforske nye felt. Mellom anna i Stryn og Uskedalen i vest, og nordover i Tromsø og Lofoten. I Lofoten kunne eg tenke meg på klatre Presten, men vi får sjå kva tida tillater. Det blir nok litt sånn “køyre etter vêret-stemning.”
Når eg spør kva målet for sesongen er hever ho både skuldrane og augebryn, etterfulgt av eit lurt smil.
– Eg trur det er å klatre “Ny tid” (8-) på Beachen i Stryn. Eg har prøvd på den litt her og der, men det har blitt for lenge mellom kvart forsøk. No har eg alle flytta, so eg må berre jobbe den inn. Det hadde vert veldig kult å gå den i sommar!
5. august 1984 sto to norske klatrere på Great Trangos østtopp i Himalaya etter å ha fullført det som skulle bli omtalt som «verdens kanskje hardeste storveggsbestigning». Men Hans Christian Doseth og Finn Dæhli kom aldri hjem igjen fra Trango.
Klatreskader rammer kvinner og menn ulikt. Dessuten har skadebildet i klatring endret seg de siste årene. Det er blant funnene til forsker Gudmund Grønhaug, som mener både rutesettere og klatrere bør bruke kunnskapen til å ta grep.
Nytt klatreutstyr tåler større belastning enn vi klarer å utsette det for. Slitt utstyr derimot kan ryke ved kroppsbelastning. Hvor lenge varer utstyret?
Elever ved Rauma videregående skole når viktige og generelle læremål blant annet ved å klatre frosne fosser og plassere isskruene sjøl.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
Med magasinKun digitalt
99 kr/md i 12 md*
+ 8 utgaver av Fri Flyt magasin
119 kr/md i 3 md*
+ 2 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 6 eller 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden. Fornyes automatisk hver måned etter bindingstiden.
Er du under 28 år?
Da får du halv pris på Fri Flyt.
Slik fungerer det:Betal med Vipps, del fødselsdatoen din med oss og få halv pris fram til du fyller 28 år. Når du har fylt 28 år endrer vi til vanlig pris, og sender deg et varsel i forkant.
Alle abonnement fornyes automatisk til ordinærpris. Kanseller når du vil, men senest 48 timer før fornyelse. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.