
Topptur Ytstevasshornet på Sunnmøre - 1330 moh.
Turbeskrivelse Ytstevasshornet
Med start frå den høgtliggande fylkesvegen får du her mange gratis høg- demeter til ein relativt høg topp gjennom heile vinteren, med flott utsyn frå toppen og ei fin nedkøyring. Ver likevel merksam på at turen er nokså krevjande på fleire vis.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Strandafjella
- Toppunkt: 1330
- Høydemeter: 800
- Kilometer: 3
- Faremomenter: Skavlar langs toppryggen. Skredterreng i sida ned frå hovudtoppen og ikkje minst i Vassdalen.
- Startsted: Svartevatnet
- Tid opp/ned: 3 timar
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Vasshaugen. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda og parker ved langs vegen ved Vasshaugen, mellom Svartevatnet og Buvatnet.
7.3.1 Opp frå Vasshaugen ➌ Komplekst
Følg vest (venstre) for elva oppover Vassdalen i nokså bratt terreng til du når nokre småvatn i om lag 950 meters høgde. Ta no nordvestover (høgre) og sikt deg inn på toppegga. Når ein kjem til ein liten fortopp, er det vanleg å ta av skia og gå dei siste metrane langs egga til hovudtoppen. Mellom fortoppen og hovudtoppen er det eit skar som vanlegvis har ein veldig stor skavl. Gå derfor godt ned i sida når du rundar skaret!
Det vanlege er følgje same veg ned som ein kom opp. Frå fortoppen og ned mot Vass- dalen får du ei nydleg nedkøyring i moderat terreng, medan det blir meir krevjande skiterreng ned sjølve Vassdalen.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer på Sunnmøre og i Strandafjella.