Tilkomst/parkering: Ørsta skisenter. Følg fylkes- vegen mellom Ørsta og Sæbø. Ta av på høgste punktet av vegen ved skilting mot «Skisenter» og betal for parkering.

1.22.1 Opp frå Ørsta skisenter ➋ Utfordrande

Følg skitraseen (gjerne via Nakkeløypa) eller ta trekket/stolheisa opp på Eitrefjellet (700 moh.), og rund Storevatnet til skitrekket i Nottane ved Grøtaksla. Frå toppen av dette kan ein følgje ryggen heile vegen til topps i variert og flott terreng med fin utsikt mot kjende toppar som Saudehornet, Vassdalstinden og Kolåstinden.

1.22.2 Ned via Høgstøylen ➋ Utfordrande

Ein kan ta same veg ned, men den flottaste nedkøyringa får ein viss ein tek ei linje ned vestsida av fjellet til ein treffer Høgstøyl-løypa, som ein då kan følgje attende til botnstasjonen på skisenteret.

Finn flere fine toppturer i Sunnmørsalpene og på Kolåshalvøya her