
Topptur til Vassdalstinden på Sunnmøre - 1277 moh.
Turbeskrivelse Vassdalstinden
Vassdalstinden er eit av dei aller vakraste fjella i Sunnmørsalpane. Den flotte topp-pyramiden er godt synleg både frå fjella i havgapet og frå tindane inne i Hjørundfjorden. I tillegg innbyr fjellet til brattkøyring på skredtrygge dagar.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1277
- Høydemeter: 1200
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Skredterreng både på veg opp i Bukkedalen, i den lange topprenna og ned renna mot Nupadalen.
- Startsted: Vallasætra
- Tid opp/ned: 4 timar frå Nupen. 3 timar frå Vallasætra
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Nupen eller Vallasætra. Ta av frå veg 655 ved Rossåbrua aust for Ørsta sentrum, inn på Mosmarkvegen. Følg denne 300 meter før du tek til venstre på Håkonsgata og vidare til høgre på Engesetvegen. Følg denne vegen oppover og austover til det er slutt på busetnaden og vidare til bilparkering etter bom i Nupen eller heilt til Val- lasætra, viss vegen er open.
1.10.1 Opp frå Vallasætra ➌ Komplekst
Frå setra går ein nokre hundre meter inn Langedalen, før ein går bratt opp kneika til Bukkedalen, eventuelt tek skia på sekken. Følg dalbotnen innover til du ser den bratte, lange og dryge flanken som fører deg til toppen. Retur same veg startar med Austflanken som gjev mange hundre høgdemeter med brattkøyring. I starten er flanken 40-45 grader, før han blir gradvis slakkare ned mot dalbotnen. Turen vidare nedover Bukkedalen og tippinga utfor kanten mot setra er også fin.
1.10.2 Ned Vestrenna ➌ Komplekst
Ved optimale snøforhold byr Vassdalstinden på ei endå meir ekstrem linje for den erfarne alpinisten. Frå skaret like nord for toppen ser du ei 45-50 grader bratt renne som stuper 700 høgdemeter beint ned i Nupadalen. Dei første 50 høgdemetrane er så bratte at ein gjerne må klatre ned med stegjarn og isøks.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.