Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre toppryggen.

Farar: Skredterreng heile vegen i sida opp til Grøtdalen og opp toppryggen. Skavlar på toppen.

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram om lag 2 km på veg 655 til du kjem til Urke. Ta no venstre inn på grusveg og køyr nesten til vegens ende i retning Haukåssætra. Gå om lag 1 km inn dalen mot Nordkopen. Ta her høgre bratt oppover lia mot Grøtdalen. Følg denne innover til skaret vest for Grøtdalstinden (1420 moh.), der du kan sjå ned mot Regndalsbreen og Vellesætra i nord. Sikk no bratt oppover toppflanken.

Nedkøyring: Returen går same veg som du kom opp og gir bratt og artig køyring for den erfarne skiløparen.