Tilkomst/parkering: Erstad. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda. Ta av frå hovudvegen ved skilting til «Hundeidvik» ved Straumgjerde og følg vegen i om lag 4 kilometer til du kjem til Erstad. Parker ved bom like under kraftlinja.

2.1.1 Opp frå Erstad ➌ Komplekst

Følg den heilårsstengde anleggsvegen i 4 kilometer innover og oppover Riksemdalen, før du tek austover opp lia mot Storevatnet, som du må runde mot aust. Følg deretter austryggen heile vegen til toppen av Tungremtindane. Utsynet frå toppen, beint ned i Hjørundfjorden, med Sætretindane, Langenestinden og Molladalstindane midt imot, er verkeleg bra! Riksemdalen er også eit fint utgangspunkt for toppar litt lenger nord på Rånahalvøya, slik som Sunnavindsnipa, Hundatinden og Skopphornet. Ein kan ta same veg ned som ein kom opp. Ryggen/flanken frå toppen og ned til Storevatnet byr inn til stor fart i hellingsvinklar på om lag 30 grader. Frå vatnet kan ein kruse nedover Riksemdalen i flott skiterreng.

2.1.2 Ned Nesdalen til Trandal ➌ Komplekst

Vil du ha ein skikkeleg overgangstur, kan du ta gjennom det første skaret i sør og svinge deg nedover Nesdalen så langt snøen rekk, og gå vidare til fots langs utydeleg sti til du når gardane på Nes. Følg den eksotiske vegen til Trandal og vidare sørover til vertshuset Christian Gaard på Lisje-Trandal, der du kan kjøpe middag og forfriskingar. Dette vil gje deg ei totaloppleving av natur og bygdekultur som du seint vil gløyme. Overgangsturen krev både båt- og bilskyss attende til Erstad.

Finn flere fine toppturer du kan gå i Sunnmøsalpene og på Rånahalvøya her