Linja frå toppen og rett ned renneformasjonane mot Patchellhytta er godt synleg og temmeleg spektakulær frå oppstigninga til Slogen.
Toppturen til Store Smørskredtind er 3 km lang.
Stigning: 800 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre opp mot skaret i nordsida og dei siste 300 høgdemetrane opp renna til toppen.
Farar: Det er snøskredterreng i heile området. Særleg farleg er det opp mot skaret i nordsida, opp renna i austsida og ned rennene i vestsida frå hovudtoppen mot Patchellhytta.
Her er det også stor utglidingsfare og fare for breglepper like under utgangen av rennene.
Vegval: Gå frå hytta og litt nord for renna som leier deg opp mot skaret mellom Nordre og Store Smørskredtind.
Komen gjennom skaret, må ein renne slakt ned om lag 50 høgdemeter i austsida, før ein gjerne tek av skia og følgjer ei bratt renne opp mot toppområdet.
Snøkvaliteten avgjer om ein må bruke stegjarn og/eller isøks for å kome opp her. Den høgste toppen er den vestlegaste.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og på Rånahalvøya her.
Nedkøyring: Det mest vanlege er å følgje same vegen ned som opp. Sjølv dette byr på krevjande køyring.
Men ei av dei råaste skilinjene i Sunnmørsalpane går 800 høgdemeter frå toppen og direkte ned rennene til Patchellhytta med ein hellingsvinkel frå 40 til 50 grader!
Å køyre denne linja stiller store krav til snøkvalitet og skiferdigheiter, men til gjengjeld er linja veldig spektakulær og går i fantastiske omgivnader.
Denne linja kan berre køyrast av erfarne alpinistar på absolutt skredtrygge dagar.