Men utsikta mot Slogen og Jakta er rå, og nedkøyringa er artig.
Toppturen til Store Brekketind er 3 km lang.
Stigning: 750 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
For å klatre dei siste femti høgdemetrane til toppen treng ein stegjarn, isøks og litt sikringsutstyr.
Farar: Skredterreng i inngangen til Brekketindbreen og i renna opp frå breen mot skaret.
Det er også fare for bresprekker, særleg i overgangen mellom det bratte og det slakke partiet på breen og i overgangen mellom breen og fjellet.
Vegval: Gå nordover frå hytta mot Brekketindbotnen, før du kryssar bratt opp mot platået på Brekketindbreen.
Følg breen mot eit markant skar vest for Store Brekketind. Gå bratt opp i skaret og følg snøflanken på andre sida eit lite stykke oppover. Skal du heilt til topps, må du ha klatreutstyr.
Se her for å finne flere toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Rånahalvøya.
Nedkøyring: Det mest vanlege er å følgje same veg ned som opp. Men det går også ei opp mot 50 grader bratt og flott linje frå skaret og ned på Gullmorbreen.
Å køyre denne linja stiller store krav til snøkvalitet og skiferdigheiter.
Frå Gullmorbreen må du gå sørover, kort opp i Geiteskaret, før du siktar deg inn på Steinreset og sklir attende til hytta i Habostaddalen.