Tilkomst/parkering: Karbø. Følg hovudvegen mellom Hellesylt og Hornindal. Ta over bru til garden Karbø om lag 3 kilometer vest for Hellesylt. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer.

3.2.1 Opp frå Karbø ➊ Enkelt

Følg setervegen oppover Toskedalen til du når Toskedalssætra. Ta no austleg retning til du når ryggen mellom Nakken (735 moh.) og Stadheimsnibba, og følg denne heile vegen til topps. Ein kan følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev krusing i lett skiterreng.

3.2.2 Ned Direktevarianten ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan ein kan ein ta ei brattare linje frå Korkfjellet (1014 moh.) meir direkte ned mot Toskedalssætra.