Tilkomst/parkering: Erdalen eller Viddalsætra. Følg hovudvegen til Viddal og følg vegen oppover til garden Erdalen. Frå Erdalen går det seterveg vidare oppover mot Viddalsætra, men denne er vinterstengd. Snøtilhøva avgjer såleis om du kan køyre eller må gå dei tre kilometrane langs vegen frå Erdalen til setra.

2.13.1 Opp frå Viddalsætra ➌ Komplekst

Frå Viddalsætra følgjer du dalføret nokre hundre meter vidare, før du sikksakkar oppover kupert terreng til du når høgd 1310, aust for toppen. Køyr no ein liten bakke ned, før du går opp på høgd 1312, og vidare opp den siste bakken til topps. Dersom du følgjer same veg ned, får du krusing i fint og slakt terreng. Ulempa er at du må på med fellane opp mot høgd 1310, før du igjen kan kruse vidare nedover.

2.13.2 Ned Direktevarianten ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar kan den erfarne skiløparen ta av frå høgd 1312 direkte ned den opp mot 40 grader bratte sida mot Viddalsætra.

Finn flere toppturer du kan gå på Rånahalvøya og i Sunnmørsalpene her