
Topptur til Lisjetinden på Sunnmøre - 1239 moh.
Turbeskrivelse Lisjetinden
Turen til fortoppen Grøthornet (1059 moh.) går i lett og flott skiterreng, medan turen vidare opp til Lisjetinden er meir krevjande. Turen eignar seg gjennom heile vinteren, men er særleg fin som ettermiddagtur i vårsol.
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1239
- Høydemeter: 1000
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Mogeleg skredterreng opp sida mot Grøthornet og i toppområdet. Skavlen langs toppryggen kan vere stor, og ein må derfor halde god avstand frå denne.
- Startsted: Kvanndalssætra
- Tid opp/ned: 4 timar frå Bjørdalen. 3 timar frå Kvanndalssætra.
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Bjørdalen. Følg fylkesvegen frå Ørsta mot Sæbø. Ta av til høgre på grusveg ved det andre skiltet som er merka med «Bjørdal». Følg grusvegen og parker etter om lag 1 kilometer ved starten på setervegen, som er stengd med bom for andre enn grunneigarar.
1.24.1 Opp frå Bjørdalen ➌ Komplekst
Følg setervegen opp til Kvanndalssætra. Gå herifrå gjennom open skog til du når nordryggen av Grøthornet, som du då følgjer til toppen av dette fjellet. Følg deretter den nesten flate ryggen sørover mot Lisjetinden. Den siste kneika opp til toppen er bratt og krev stegjarn og isøks ved hard snø. Det tryggaste er å følgje same veg ned som ein kom opp, sjølv om dette medfører nokre slakke motbakkar på returen frå Lisjetinden til Grøthornet.
1.24.2 Ned vestsida til Kvanndalssætra ➌ Komplekst
Frå ryggen under Lisjedalstinden kan ein på skredtrygge dagar ta ei meir direkte linje ned mot Kvanndalsvatnet, før ein tek ein skråtravers attende mot setra.
Finn flere flotte toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.