
Topptur Langhornet på Sunnmøre - 1226 moh.
Turbeskrivelse Langhornet
Frå Årsetsætra er dette ein relativt kort tur som innbyr til bratt og flott køyring. Legg gjerne turen til Langhornet dersom du kjem litt seint i gang ein vårdag og Skårasalen på andre sida av dalen allereie er «overbefolka».
- Hovedområde: Sunnmørsalpene
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1226
- Høydemeter: 1100
- Kilometer: 8
- Faremomenter: Skredterreng i topprennene.
- Startsted: Bondalen eller Kvistadsætra
- Tid opp/ned: 4 timar frå Kvistad. 3 timar frå Kvistadsætra.
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Kvistad eller Årsetsætra. Følg fylkesvegen mellom Ørsta og Sæbø. Ta av over bru ved skiltet «Kvistad» 3,5 kilometer vest for Sæbø, og køyr om lag ein kilometer langs grusveg til bommen ovanfor Kvistad-gardane. Snøforholda avgjer om ein må gå dei 4 kilometrane langs den vinterstengde setervegen eller om ein kan køyre bil heilt fram til parkeringsplassen framom Kvistadsætra og Årset- sætra.
1.28.1 Opp frå Årsetsætra ➌ Komplekst
Frå parkeringsplassen kryssar ein dyrkamarka og Trolldalselva, før ein tek opp Troll- dalen til Trollvatnet. Frå vatnet sikksakkar ein opp den bratte sida til topps. Ein følgjer same veg ned som ein kom opp. Ryggene og rennene ned mot Trollvatnet held jamn hellingsvinkel på mellom 35 og 40 grader, før ein får fin-fin krusing i slakkare terreng ned Trolldalen.
Finn flere flotte toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Kolåshalvøya her.