Tilkomst/parkering: Snødalen. Følg hovudvegen mellom Hornindal og Hellesylt og ta av opp mot Nibbedalen ved Tryggestad. Følg vegen mot Nibbe- dalen i om lag 1,5 kilometer. Parker langs hovudve- gen ved inngangen til Snødalen.

2.16.1 Opp Snødalen ➌ Komplekst

Følg først grusveg eit par hundre meter oppover, før du følgjer merkt sti gjennom open skog og seinare flott skiterreng oppover Snødalen. Komen opp i enden av Snødalen, tek ein «brattebakken» opp mot toppryggene. Følg ryggen nordvestover til høgd 1584, der du må renne ned i eit lite søkk, før du følgjer toppryggen i slakt terreng vidare nordover mot toppen. Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp. Denne nedkøyringa er moderat, og hellingsvinkelen held seg stort sett under 30 grader, bortsett frå «brattebakken» (sjå rute 2.16.1 på oversynsbiletet på s. 178-179).

2.16.2 Ned via Hornindalsrokken ➌ Komplekst

Dersom ein har lyst på ein rundtur, kan ein renne vestover frå toppen, ned ein flott skibakke til det høgste av Blådalsvatna. Ta her på fellane igjen og gå opp på toppen av den majestetiske Hornindalsrokken, via Trollaksla. Nedkøyringa frå Hornindalsrokken går via Kjellstaddalen (sjå rute 3.5.2 og 3.5.3 på oversynsbiletet på s. 215). Rundturen krev naturlegvis skyss attende til bilen ved inngangen til Snødalen.

Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå på Sunnmøre og på Rånahalvøya her