Tilkomst/parkering: Brunstad. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda til du kjem til skilt merka «Brunstad», der ein tek av frå hovudvegen og følgjer vegen oppover til parkering ved kraftverket.
2.3.1 Opp frå kraftverket ➌ Komplekst
Frå kraftverket følgjer ein setervegen i om lag 1,5 kilometer til Vellesætra, der ein også finn ei sjølvbetjent DNT-turisthytte med 9 sengeplassar. Frå setra kan ein følgje ein liten morenerygg nokre hundre meter i slakt terreng innover Vellesæterdalen, før ein tek nordvestover (høgre) opp sida til Kløvheia. Følg nordaustryggen/flanken vidare oppover mot toppen. Når du har igjen 20 meter til toppen, følgjer du ei hylle som går mot vest (høgre), opp på egga, før du klyv dei siste 10 metrane til toppen.
Ein kan følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev fin-fin nedkøyring i moderat til slakt terreng. Frå toppen og ned til Vellesæterdalen er hellingsvinkelen om lag 30 grader, medan resten av nedfarten går i slakt terreng.
Finn flere fine toppturer du kan gå i Sunnmøsalpene og på Rånahalvøya her.