Tilkomst/parkering: Norang. Følg hovudvegen til Øye og ta av ved Hotel Union mot gardane på Norang. Køyr forbi siste garden og parker like sør (til venstre) for elva.

2.12.1 Opp frå Norang ➌ Komplekst

Ta skia på sekken og følg den bratte stien opp til Konedalen, først på venstre side av elva, så kryssing over til høgre side. Komen opp, spenner du skia på beina og følgjer det slakke dalføret i om lag 1,5 kilometer innover. Ta no nordover (til høgre) og sikk- sakk bratt oppover sida heilt til du når toppryggen. Hald deg så nær midten av denne som mogeleg heile vegen til topps, då det er fare for skavlar både til høgre ned mot Konedalen og til venstre ned den stupbratte nordveggen mot Hjørundfjorden.

Det mest vanlege er å følgje same veg ned som opp, noko som gjev moderat til krev- jande køyring i seg sjølv. Sida frå toppryggen ned mot Konedalen gjev hellingsvinklar på 35 grader, medan terrenget vidare ned dalen er slakkare.

Finn flere toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Rånahalvøya her