
Topptur Dukhornet på Sunnmøre - 1412 moh.
Turbeskrivelse Dukhornet
Dukhornet har etter kvart blitt ein nokså populær vårskitur, både fordi fjellet byr på ei lang nedkøyring i moderat skiterreng, og fordi utsynet over indre delar av Hjørundfjorden/Storfjorden er nydeleg.
- Hovedområde: Sunnfjordområdet
- Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
- Toppunkt: 1412
- Høydemeter: 1400
- Kilometer:
- Faremomenter: Utløpsområde frå sørryggen. Skredterreng om du vel nedkøyringa til Bondalsbakken.
- Startsted: Finnes eller Bakkedalen
- Tid opp/ned: 5 timar frå Finnes. 4 timar frå inngangen til Bakkedalen.
- Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Tilkomst/parkering: Finnes eller Bakken. Følg hov- udvegen mellom Volda og Hornindal og ta av mot Bjørke. Komen nesten til Bjørke tek ein venstre til Finnes. Dersom den vinterstengde setervegen er fri for snø, kan du betale avgift og køyre opp bratte svingar til du er komen opp i 300 meters høgd litt ovanfor setra Bakken, der du ser eit skilt mer- ka med «Dukhornet», og dessutan finn eit par-tre parkeringsplassar.
1.29.1 Opp frå Bakken ➌ Komplekst
Følg raudmerkt sti til du kjem ut av skogen ved inngangen til Russadalen. Skrå no svakt mot nordvest (venstre) opp og inn i kopen under Dukhornet. Ta peiling på lågaste punktet på toppryggen, som du følgjer nordover til toppen. Dei fleste vel å køyre ned same veg som ein kom opp, noko som byr på opp mot 1400 høgdemeter i variert og flott terreng og fantastisk flott utsyn mot indre delar av Hjørundfjorden/Storfjorden.
1.29.2 Ned Vestrennene til Bondalsbakken ➌ Komplekst
På skredtrygge dagar byr Dukhornet også på krevjande, men uvanleg flotte skilinjer ned mot Bondalsbakken. Følg først ryggen eit stykke sørover frå toppen, før du tek vestover og duppar ned renneformasjonar og bratte bakkar med opp mot 45 graders hellingsvinkel ned mot Bondalsbakken 800 meter lenger nede. Vel nede sklir og stakar du sørover gjennom Bakkedalen til Bakkedalsvatnet, der du tek austover (venstre) på setervegen attende til Bakken eller Finnes.
Vi har samlet turbeskrivelser for toppturer i Sunnmøre og Sunnmørsalpene her.