Tilkomst/parkering: Fet. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda til Fet. Ta omsyn til gardsdrifta når du parkerer. Dersom det er snøfritt, kan ein følgje traktorvegen til endes og parkere der.

2.2.1 Opp frå Fet ➌ Komplekst

Følg bekkedalen eller sti langs ryggen oppover mot Ljøsabreen. Ved Høgsetra op- nar skogen seg, og ved Fetkollen (900 moh.) legg terrenget seg, samstundes som Trollkyrkjetindane kneisar over deg. Ta no først vestover opp Ljøsabreen og deretter sørover langs breen til du når skaret mellom Høgd 1412 og Blåbretinden. Klyv anten vest (til venstre) for toppegga direkte opp på toppen eller gå gjennom skaret og følg sida aust for toppen til du når ei markert renne, som du kan følgje til sørryggen og vidare til toppen. Ein kan ta same veg ned som ein kom opp, noko som gjev ei flott nedkøyring i moderat og flott skiterreng.

2.2.2 Ned til Trandal ➌ Komplekst

Eit spennande alternativ er å renne vestover ned mot Skarrabbvatnet, Trandalssætra og Trandal, der vi tilrår ein stopp på eksotiske Christian Gaard. Merk at logistikken attende til Sykkylven er heller problematisk, då den krev både båt- og bilskyss. Det er sjølvsagt også mogleg å gå turen den andre vegen eller berre opp og ned frå Trandal.

Finn flere fine toppturer du kan gå i Sunnmøsalpene og på Rånahalvøya her