Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Dersom du følgjer den innteikna ruta, held du deg under 30 graders hellingsvinkel heile vegen opp og ned, og kan dermed ferdast trygt under normale snøforhold. Fjellet har eit brattheng mot aust som er over 30 grader som du bør styre unna i skredver.

Vegval: Vegen til Sunnmørsalpane skiarena ved Fjellsætra er skildra under Blåtinden (sjå rute 7.1). Køyr om lag 4 km forbi skianlegget, til du kjem til Fausaskiftet ved enden av Nysætervatnet. Ta no på skia og gå nordover i jamn og slakk stigning heile vegen opp til toppen.

Se her for å lese flere turbeskrivelser av toppturer i Strandafjella.

Nedkøyring: Nedkøyring same veg i moderat og nydeleg skiterreng.