Sondre Loftsgarden har gjort sesong i La Grave, mens Fred Syversen som vanlig har bodd i Chamonix gjennom vinteren. Fredag for en uke siden bestemte de seg for å ta turen hjem til Norge med bil. Vi tok en prat med Sondre mens han satt i karantene i Rauland.
– Sondre, hvordan kom turen i stand?
– Eg ringte Fred for å sjekke om han framleis var i Chamonix. Han trudde også eg alt hadde reist heim. Flya hans blei stadig avlyste så han stod fast. Flyplassen i Geneve er no kun open for dilplomatar og ambassadar, og han fall ikkje innom den greina. Sjølv hadde eg bilen min så det var berre å køyre heim, men med tanke på at ingen hotell er opne var det fint med ein kopilot som kunne ruta godt.
– Tidligere i vinter fortalte du at du planla å bli. Hvorfor valgte du å dra nå, og ikke før eller senere?
– Då dei stengte ned så var tanken fyrst å bli for tursesongen, men då portforbodet blei iverksett så forsvann den planen. Samstundes har eg vore småsjuk lenge, i likskap med Fred, så det var usikkert om ein hadde fått passere grensene med symptom. Difor venta eg meg frisk.
– Hvordan var sesongen i La grave før de stengte?
– Alt i alt bra. Det var greit med snø då eg kom ned i januar, men mykje regn. Deretter fylgde nokre veker med panser, som forsåvidt var bra for skiformen(er ikkje rart at dei er gode på ski i Vågå). I slutten av februar kom snøen att, så då blei det ganske vilt. Med snøen kom det mykje folk også, som sikkert gjorde gondolen til ein effektiv inkubator. Dei seiste vekene før dei stengde kom sola som opna opp for roadruns, som kanskje er det tøffaste med La Grave. Då får ein kring 2400 høgdemeter nedkøyring utan å gå, deretter hikar ein opp att til byen.
– Hvordan var portforbudtida? Jeg hører franskmennene er glade i skjema?

Eksempel på Passerseddel
– Ja, nytt skjema kvar gong ein skulle utom huset, som ein kun fekk ein time per dag, så eg fekk litt blyanttrening. På ein tur til butikken måtte eg vise passerseddelen tre gonger. Måtte forøvrig skrive handleliste også, som eg levera i butikkdøra, for å så koma att og hente pappkassa med mat seinare.
– Hvilken rute tok dere etter at du hadde plukket opp Fred i Chamonix?
– Den strakaste. Over passet frå Chamonix og gjennom Sveits. Til vanleg må ein kjøpe oblat for å køyre i Sveits, men der var ikkje ein einaste bensinstasjon open, så me spara litt penger der. Deretter opp gjennom Tyskland, ferge til Danmark, Øresundbrua over til Sverige og opp til Noreg.
– Hvordan var grensepasseringene?
– Dei var greie. Syne pass og fortelje at ein berre skulle gjennom landet. Trur det hjelpte å ha norsk flagg på bilskiltet. I Sverige ville dei sjå baki bilen, men dei droppa det fort når dei såg kor hardstappa den var baki.

Er det plass til litt til? Sondre bil ved avreise.
– Hvem hadde med mest utstyr? Og er du litt misunnelig på SureFoot-støvlene til Fred?
– Det var meg. Eg stoppa i tillegg i ein tour de France-by på vegen og kjøpte ein sykkel i ein verkstad som akkurat hadde opna att. Haha, eg hadde faktisk ei avtale for å få laga nye støvelsolar akkurat den dagen alt stengte ned. Men etter seks veker stopp frå skikøyring no skal nok originalsolar fungere veldig fint.
– Diesel. Får man kjøpt det? Hva med pølse?
– Jepp, som vanleg. Pølsemenyen var heller redusera. Eit lunka glas med vasstrekte middagspølser blei langa over med plasthanskar. Men ikkje noko å seie på dei!
– Var det noen andre på veien?
– Trailerar var det litt av, men ellers glissent. Har aldri vore så behageleg å køyre på autobanen før. Møtte ein langdistansesyklist i Tyskland midt på natta som hadde tatt pause utom ein bensinstasjon for å spele techno frå sykkelhengaren sin.
– Ferga. Var det disko?
– Haha. Om du har tatt ferga Puttgarden-Rødby så veit du at det er litt storleik på den, den er større enn Mannheller-Fodnes-ferga, for å seie det slik. Det var ein bil på den ferga – vår, og fem trailerar.

Eneste personbil: Sondre Loftsgarden og en fullastet Volkswagen. Bilde: Fred Syversen
– Pissestopp. Hadde dere drill på det?
– Pissestopp samstundes med kvart sjåførbytte. Seiste før norskegrensa i høgrefila på motorvegen.
– Hvordan er Fred som sjåfør, egentlig?
– Behageleg. Det var lett å sova. Han tar det ut på ski.