/ Sykkel

FOMO-Veko eller Veko-GRATITUDE

Dag Sandviks joviale oppgjer med sosiale mediers inntog og påverknad på galskapsveka heime på Voss.

Sist oppdatert 25. juni 2019 kl 00.40
EKSTREMSPORT: Endurosykling på Ekstremsportveko er ikkje noko hemmelegheit på sosiale medier – som Dag Sandvik skriv om i dag. Foto: Daniel Sapak
EKSTREMSPORT: Endurosykling på Ekstremsportveko er ikkje noko hemmelegheit på sosiale medier – som Dag Sandvik skriv om i dag. Foto: Daniel Sapak

Dag Sandvik skriver frå årets Ekstremsportveke på Voss – den første rapportens hans finn du her!

Om eg kjenner min lesar, vil eg tru du er kjend med FOMO, både omgrep og personlege konsekvensar. Om du ikkje er kjend med det uttrykket lever du i ei anna tidsrekning, lausrive relevante strømmingar i samfunnet rundt deg. Eit tidlaust teikn på at du lever det gode liv. 

Alle oss andre har kjend på rushet og/eller desperasjonen i hovud og kropp når samtlege sosiale medier renn over av folk som «front-stager» sitt actionfylte liv. På Ekstremsportveko når dette heilt andre proporsjonar når a)sosiale media renn over av sjølvrealisering med rett fokus, blendar og lukketid, b)alle du fysisk møter på din veg fortel frenetisk og overdrive om kva sprø greier dei har gjort og c) ekstremsport-menigheita samlast i festivalteltet for å sjå kveldens bodskap verte forkynna i dagens video. Til info: dagens video er ei samling av det mest spektakulære som har hend denne dagen, og det ultimate målet for alle ekshibisjonistar der ute, også kjend som #allesosialemediabrukarar.

TRENDURO: Lite er så godt tilpassa sosiale medier som trendsykkelsporten enduro. Foto: Daniel Sapak
TRENDURO: Lite er så godt tilpassa sosiale medier som trendsykkelsporten enduro. Foto: Daniel Sapak

Kva skal ein gjere? I valet mellom å gå til grunne under FOMOens klamme grep, valde eg å ta ein halv dags fri for å nyte synet av deilege syklistar som, lett framover lent i passe tette shortsar, sklei rundt i gjørma under vårens sleipaste eventyr – endurokonkurransen som gjekk over tre etappar i Vossaklassikarane «Raugstad» og «Storåsen». Sistnemnde lokalisert behagelege 5 minuttars gange frå soverommet mitt. Etter nokre timar med slip n’ slide i skogen, kom Preben Nøkleby og Hilde Strædet ut som vinnarar av kvar sin klasse. Men noko gav meg kjensla av at ingen forlot gjørma med kjensla av å ikkje ha vunne, berre takksame over leiken og selskapet til dei andre. Var det ein lærdom her? Kven veit. I himmelen over meg såg eg uansett eit røyspor etter ein leiken acro-paraglider som forma bokstavane GRATITUDE. Meiningslaust, men kult nok til å laga eit ordspel Veko-GRATITUDE. Fyll det med meining etter trong. Her er nokre bilete av alt det feite folk gjer på ein måndag på Voss.

OPNING: Frå opningsshowet til årets Veke – skjermsport er veleigna for internett og telefonar. Foto: Ane Dahl Kristengård
OPNING: Frå opningsshowet til årets Veke – skjermsport er veleigna for internett og telefonar. Foto: Ane Dahl Kristengård

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel:

Publisert 25. juni 2019 kl 00.40
Sist oppdatert 25. juni 2019 kl 00.40
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen