Dag Sandvik er ein av Noregs beste elvepadlarar, vossing og ein artig skrue. Denne veka settes heimplassen hans på hodet når Ekstremsportveko er i gang på Voss – og Dag forteller nesten dagleg om Veko-dagane her på friflyt.no. Først ut er – blant anna – feiring av Pride i legendariske Moneydrop:

Ein italienar står og dryssar frukostblanding utover kjøkkenbenken (jodå, noko treff også skåla), ein annan har laga gangen min om til kajakkverkstad, og eg trør over ein franskmann som ligg og søv på stovegolvet medan eg forklarer vegen opp til huset til ein forvirra austerrikar, over telefonen. Det einaste eg vil er å lage meg ein kopp kaffi før eg skal ut å padle.  

Annonse

Ekstremsportveko er starta og heimen min er invadert av all slags rusk og rask frå heile verda. Nett slik vossingen opplever det i stor målestokk. Mannen i Jordalen skular på kajakkpadlarar som sit nedom kjøkkenglaset og drit, pensjonisten på Hjelle står i stigen og lukar paraglidarar frå epletreet sitt medan ein bonde på bakkane litt nedom køyrer sikk sakk mellom drita fulle festivalgjengarar som ligg i graset og spyr utan noko anna ekstremsportkredibilitet enn eit festivalband og ei Bula Beanie Boogie-hua. Det einaste mannen i traktoren vil er å få slått graset sitt og komme seg heim til tacoen. I ei bygd med ein kultur like smålåten og rar som dei skrinne bakkane som har trengt seg inn mellom bratte fjell, skal verdsvande, frilynte bohemar og adrenalinjunkies ta over alt frå luftrom, stiar og blomsterbed, til kafear, puben (den eine) og lokalavisa. Slikt vert det vekka uvanlege kjensler av, i bygda der «ikkje gale» er det mest nytta superlativet i årets 51 andre veker. Lesarbrevspaltane har alt gått varme i ordvekslinga mellom debattantar med entusiasme eller moralsk forargelese over årets nyvinning, Veko-Pride-Paraden. På fredag skal seksuelt avvikande menneske ta over sentrum saman med ekstremsportarar rusa på kokain og mangel på respekt for livet. Eller var det ei feiring av mangfald og kjærleik? Eg er forvirra, seksuelt som politisk. Etter Veko kan me avislesarar gleda oss over den årvisse føljetongen av klagar på høg musikk, dop og fallskjermhopparar i gassgrillen. Men så har me, takk og lov, det årvisse synet av lokale pensjonistar og husfedrar og -mødrer som valsar rundt i gatene kledde i blendande gule og grøne Veko-Hooties, så fargerike at ein skulle tru dei arrangerte sin eigen private Pride-parade inne på kjøpesenteret. Dei seier at det vert fett på Kjartan Lauritzen på torsdag og snakkar om fallskjerm-swooping over vatnet, endurosykling og EM i kajakk som står på programmet i år, medan dei nappar dravle og smalahove ut av kjøledisken. Eg overhøyrer dei og smiler, stolt over kor kul vossingen er og kva eit kulturmøte mellom bygda og verda er verd. Kva ville Voss vore utan Veko? På Voss seier me at «verda er vid men Voss er vidare», men utan Veko ville noko av Vossa-verda mangla, og eg tenkjer me kan snu det på hovudet og seie Veko i alle fall ville mangla utan Voss, staden der alt – fjell, elver, vindtunell, sykkelstiar, gondolbane og entusiastar, er trøkka inn i ein einaste liten kommune. Sjølv før kommunereforma.

Vel heime frå årets mest sosiale, internasjonale og deilege padletur, har italienaren tørka vekk frukostblandinga og laga risotto. Han har opna vinflaska frå naboen sin heime i Bologna, og dekka bord til 10 personar, med stearinlys og fri tilgang til parmesan. Snart skal me ned i folkehavet for å sjå opninga. Om du ikkje alt er komme til Voss, har du endå nokre dagar på deg. Meir treng ein ikkje for å ordne fri frå jobb, og stikke frå alt og alle for å nyte fart, spenning, sol og sauer i ein magisk sameining.

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel: