Mer heliskimotstand

Heliskidebatten er i full gang i Sogn. Fjellguidene raser mot ønsket om heliskiing i Sogn, og destinasjonsselskapet Visit Sognefjord er skeptiske.

Sist oppdatert 14. november 2013 kl 09.27
OMSTRIDT: Fjellguider i Sogndal er slett ikke begeistra for Fjord helikopters søknad om å starte heliskiing i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Erlend Sande
OMSTRIDT: Fjellguider i Sogndal er slett ikke begeistra for Fjord helikopters søknad om å starte heliskiing i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Erlend Sande

I gårsdagens utgave av Sogn avis sier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug dette om heliskisøknaden fra Fjord helikopter:

– Visit Sognefjord AS har ikkje uttalt seg om heliskiing. Saka skal opp til diskusjon i styret 11. desember. Me ser på saka som viktig strategisk. I forhold til korleis regionen bør utvikla seg innanfor reiseliv og aktivitetsturisme for framtida.

LES OGSÅ: Heliskikampen fortsetter

Men prosjektleder i Fjord helikopter, Asbjørn Nes, har stor tro på heliskiing i Sogn.

–  Me trur det vi trekka utanlandske turistar til Sogn og Fjordane vinterstid. Og dermed ha appell både lokalt og nasjonalt, Vi har diskutert konseptet vårt med dei største reiselivsverksemdene i fylket, alle me har vore i kontakt med er positive. I USA og Canada er heliskiing eit volumprodukt, me trur Sogn og Fjordane absolutt har potensial til å bli det same, sier Nes til Sogn avis.

Men fjellguidene i regionen er svært kritiske, og i dag sendte Kåre Øst, Bjørnar Bjørhusdal og Gjert Grødal ut denne kronikken:

Helikoptarfrie toppturar, takk  

Kåre Øst for Norgesguidene AS, Bjørnar Bjørhusdal for Fimbul Jostedal og Gjert Grødal for Breogfjell AS.

Me vert stadig fleire som jobbar med å føre norske og utanlandske gjester på toppturar rundt om i Vestlandsfjella. Men dei viktigaste brukarane av fjella om vinteren er dei lokale skilauparane -  i Sogndalsdalen, i Leikangerfjella, på Sunnmøre og i Jostedalen. Me som skriv dette innlegget er både representantar for dei største fjellføringsverksemdene på Vestlandet, og samtidig vanlege skilauparar.

Stor vekst i toppturmarknaden

Frå ein marknad som knapt eksisterte for 15 år sidan, har våre tre selskap (Breogfjell AS, Fimbul Jostedal DA og Norgesguidene AS) dei siste fem åra hatt ein årleg vekst på 70-80% om  vinteren. Det er altså stadig fleire som ønskjer å oppleve gleda ved å vitje toppane våre på ski. Dette er ikkje ei tilfeldig utvikling.  Både me i føringsforetaka, destinasjonsselskapa og Innovasjon Noreg har brukt både penger og krefter på å marknadsføre dei unike kvalitetane for toppturar ein finn i dei norske kyst- og fjordfjella. Ingen annan plass i verda finn ein den kombinasjonen av fjell, fjord og tilgjenge som me har her. Kvifor kjem både utlendingar og austlendingar  hit til Vestlandet istaden for å reise til dei mykje meir utbygde destinasjonane i Alpane?

Vinterturistane ønskjer stille i naturen.

Ei undersøking frå Transportøkonomisk Institutt syner at naturoppleving og stille og ro er reisemotivasjon nummer ein for utenlandske vinterturistar. Heile 88 % av utlendingar svarte at dette var viktig for dei. Òg marknadsundersøkingane til Innovasjon Norge syner at europeiske turistar som kjem til Noreg legg stor vekt på urørd natur, stille og ro. Dei norske gjestane våre gjev utrykk for det same. Når sightseeing-helikopter eller snøskuterar idag kjem for nær ein av våre grupper, eller berre innanfor høyreradius, er reaksjonen alltid den same; negativ.

Heliskiing øydelegg meir enn det bidreg

Basert i Sogndal, i Jostedalen, på Sæbø, i Jølster og i Lom driv fjellførarar gjennom vinteren skredkurs og føring, og gjestane bur på alt frå enkle campinghyttar til luksushotell. Aktørane som har søkt løyve om heliskiing argumenterer for at dette vil gi auka verdiskaping i reiselivet. Vi deler frykta til Norske Tindevegleiarar (www.friflyt.no 09.11.13) for at heliskiing vil øydelegge meir enn det kan bidra med for reiselivet. Eit vanleg helikopter tek maks fem skituristar. Eit helikopter kan enkelt fylle både Sogndalsdalen og Fjærlandsfjorden med støy ein heil dag, men det fyller ikkje opp så mange hotellsenger. Så ein vil trenge fleire helikopter. Sei så at desse skal operere innafor eit lite, avgrensa område som heliskiaktørane seier ikkje skal øydelegge opplevinga for vanlege skilauparar, og ikkje innanfor nasjonalpark. Finst dette området i Sogn og Fjordane, til dømes? Vi er rimeleg godt kjende i fjellet, og kjem ikkje på nokon  eigna stad. I Sverige vert det drive med heliski i fjella vest for Riksgränsen. Her har dei 5000km2 å nytte seg av. I Canada og Alaska er område enda større. Vårt største høgfjellsområde, Jotunheimen nasjonalpark, er til samalikning på 1150 km2. Skal heliski fylle hotellsenger og skape arbeidsplassar er det ikkje nok med eit enkelt  helikopter og nokre få bortgøymde fjell.

Kan ikkje ivareta tryggleik

Me meiner også at det er andre store økonomiske hol i heliski-ideen for Vestlandet. I Riksgränsen kostar 2-3 timar 2750 svenske kroner. I Noreg er kostnadsnivået omlag 30% høgare. Det blir eit kostbart produkt for dei pengesterke få eller bedrifter på kick-off tur.  I høve til veret i regionen: Vil gjestene som betalar mykje for å renne på ski akseptere ei normalveke i januar? Me som kjenner vértilhøva her vil tru at minst 25% av dagane ikkje er flyvér, og mange stadar truleg meir. Hvis det er dårleg vér vil helikopteret neppe kunne flyge til godvéret slik de har mulighet for i Canada og Alaska. Eit helikopter treng sikt for å flyge, kan ikkje lande i snøver, ved snøføyke ved bakken, skodde, lågt skydekke eller flatt lys. Nå ein går på vanleg skitur, som me gjer, er ikkje sikta noko hindring for å reise ut.  Me stillar oss også tvilande til at omsynet til skredfare kan ivaretakast på ein god måte ved heliskiing. I andre land har heliskiing stått for ein stor del av skredulykkene, til dømes i Canada kor ein fjerdedel av drepne i skredulykker var heliskituristar. Når ein blir løfta til toppen av eit fjell med helikopter har ein mykje dårlegare forutsetningar for å vurdere skredfaren enn om ein går opp og kan gjere vurderingar undervegs.

Til saman seier argumenta oss at å innføre heliski i Noreg kan vere med på å sage av ei grein som mange sit på allereie. Denne greina er i ferd med å vekse seg lang og kraftig, og er med på å understøtte resten av reiselivet i regionen om vinteren. Saga som kan sage av greina kan flygast opp med helikopter, eller me kan seie nei takk til heliski og ja takk til alle oss som bur på bygdene og går på ski allreie, og ja takk til tilreisande som vil skape aktivitet og arbeidsplassar av ressursen som me eig i lag.

Publisert 14. november 2013 kl 09.27
Sist oppdatert 14. november 2013 kl 09.27
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen