/ Folk

Knut-Erik Tessnes minnes Torgrim Vole

– Takk for alt du gjorde for så mange

Les Knut-Erik Tessnes rørende minneord etter kameraten og skiprofilen Torgrim Voles bortgang.

Sist oppdatert 3. mai 2022 kl 09.48
LEGENDE: Torgrim Vole. Foto: Vegard Breie
LEGENDE: Torgrim Vole. Foto: Vegard Breie

I dag var skituren like tung som skyene kring Visbretind i Jotunheimen. Å få høyre at du ikkje lenger var med oss Torgrim, var ufatteleg og trist.

I dag var det godt å ha store solbriller å gøyme seg bak, og ta seg tid til å minnast deg som den trivelege guten og gode sambygdingen du var, med så mange gode evner. I dag tenkjer eg på familie og nære venner som har mista ein kjernekar.

Fordi vi båe var ivrige på ski hadde vi alltid mykje å prate om når vi treftest, og du var alltid oppriktig interessert i å prate og høyre kva eg dreiv med. Sjøl om du var mykje yngre enn meg hugsar eg deg som ivrig tenåring med litt for store telemarksko og fjellski på Lemonsjøen sist på nittitalet.

VIL BLI SAVNET: Få har inspirert så mange som Torgrim Vole. Foto: Tore Meirik
VIL BLI SAVNET: Få har inspirert så mange som Torgrim Vole. Foto: Tore Meirik

Når vi eldste utfordra skiterrenget rundt om på Lemonsjøen, såg vi at det titt og ofte kom ein gut etter i spora våre, med ein buff som dekte heile ansiktet, og som eg fyrst ikkje visste heilt kven var.

Det var sjølsagt deg Torgrim, ofte saman med bror din Gunnar, og etterkvart med fleire av dei yngre skigutane på Lemonsjøen som vi etterkvart skulle bli så godt kjent med, og stolte av i Vågå! Du var ein råskalle på ski, men du var så mykje meir enn det Torgrim!

Vi hadde ein anna felles arena i folkemusikken. Du dansa halling og spelte fele, og vi treftest ofte på festlege lag og festivalar.

Vi hadde lik humor, og eg minnast deg godt på Folkemusikktreffen i Vågå, da du kom heilt opp i ansiktet mitt, såg på meg med strengt blikk og sa; «Er du klar over at du er den artigaste karen eg veit om?», før vi klemte godt rundt kvarandre. Du var lett å bli glad i Torgrim!

Knut Erik Tessnes
Knut Erik Tessnes

Etterkvart havna vi også i handverkarfaget, og det vart alltid ein god prat om nye prosjekt og tekniske løysingar. Sjøl om du var snekker, var du like interessert i murarfaget, og det dukka snart opp bilder av ymse prosjekt der du fekk utløp for di kreative åre.

Du hadde også ein særs humoristisk måte å formulere deg på i ymse sosiale kanalar, og nokre av dine sjølransakande innlegg er heilt eineståande, ærlege og humoristiske.

FILMSTJERNE: Torgrim Vole i aksjon foran kameraene til Field Productions. Foto: Endre Løvaas
FILMSTJERNE: Torgrim Vole i aksjon foran kameraene til Field Productions. Foto: Endre Løvaas

Vi er mange som minnast korleis du fekk Norge ut av bakevja, og inn i toppnivået på internasjonal frikøyring. Medan vi gamlekara på Lemonsjøen etterkvart var tilfredse med å kose oss på ski utan så store ambisjonar, aksepterte vi også at det var langt opp til nivået på utanlandske frikøyrarar.

Men du og resten av skikompisane på Lemonsjøen la lista skyhøgt og såg dykk ikkje attende. Du fortsette den sterke utviklinga og vart ein profilert og respektert frikøyrar både nasjonalt og internasjonalt. Det kan nok andre skrive meir om.

For meg var du fyrst og fremst ein snill og sosial gut, ein kamerat som såg alle rundt seg, som såg kreative løysingar både med ski på beina og hammaren i handa. Som tok heisen saman med 7-åringen på Lemonsjøen like naturleg som med verdsmeistrar rundt om i verda.

Som spelemann vart du naturlegvis også ein lagspelar, og du er nok utan tvil den enkeltpersonen som har betydd mest for rekrutteringa til det eineståande frikjøringsmiljøet på Lemonsjøen, sjøl om det også er eit resultat av ein imponerande dugnad som har pågått meir eller mindre i 20 år!

I dag var det fuktig bak brilleglasa og dårleg sikt i Jotunheimen, men eg fekk lagt 10-15 gode svingar ned frå Langvasshø.

Dei var til deg Torgrim.

"Hei gut!" blir aldri heilt det same, men ei helsing og hyllest av deg, som evna å by så raust på deg sjøl og sjå alle rundt deg!

Takk for alt du gjorde for så mange.

No kan du kvile.

Publisert 3. mai 2022 kl 09.36
Sist oppdatert 3. mai 2022 kl 09.48
annonse
Relaterte artikler
NY VERDENSREKORD: Den nye rekorden til Anders Backe er på 133,46 km/t! Foto: Gisle Johnsen
Anders Backe setter ny verdensrekord

133,46 km/t baklengs i Vikersundbakken

SKIER OF THE YEAR: 2023: Nikolai Schirmer forteller at det kommer et trofé i posten, men foreløpig får han klare seg med koppen fra 2019.
Kåret til European Skier Of The Year

Nikolai Schirmer: – Jeg har jobba ræva av meg

VARM: Hotdog Hans gikk for seier på afterskien i Hemsedal. Skjermdump: Hotdog Hans 4
Den maskerte skikjøreren møter Birk Ruud i Norge

– Hotdog Hans er en slem mann

DR. IDRETT: Hedda Berntsen har en doktorgrad i idrettspsykologi med fokus på idrett og motivasjon. Nå gjør hun seg selv til forskningskanin. Foto: Privat
Hedda Berntsen (47) gjør comeback

– Fordi jeg ønsker å være lykkelig

annonse
Birk Ruud X Games gull Aspen slopestyle
Birk Ruud vant X Games-gull i slopestyle

Vant sitt første X Games-gull i slopestyle

Høydepunkter fra slopestyle-finalen i Laax

Se Birk Ruud sitt vinnerrun

EKSOTISKE GREIER: Mye er uvanlig med dette bildet. Løven Simba følger med mens Anders Backe kjører ski ned fra løvens tak. Foto: Johnsen
Backe-stunt i Dyreparken

Bombdrop med løve som tilskuer

Birk Ruud trippel cork på snowboard
Birk Ruud om snowboardsatsingen

– Mye mestringsfølelse å kjenne på

Eirik Moberg Krypto Pro
Eirik Moberg om livet som proffkjører

Kryptomodellen

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen