Klatrevegg på Osterøy

Osterøy Klatreklubb er blitt tildelt spelemidlar og kommunalt tilskot, og kan dermed setja i gang med å byggja klatrevegg i Osterøyhallen i oktober.

Sist oppdatert: 9. august 2006 kl 09.51
Lesetid: 2 minutter

Klatrarane Kjetil Revheim (15) og Harald Husum (15) tykkjer det er rått at dei no får ein innandørs klatrevegg å boltra seg i. Klatreklubben hadde tidlegare ein vegg i gymsalen på ungdomsskulen, men då salen vart rusta opp fekk dei ikkje setja veggen opp att.

— Vi plar å trena i byen om vinteren, men no slepp vi å reisa så langt. Dessutan kan vi kanskje byrja å klatra i gymtimane, seier Husum til lokalavisa Bygdanytt. Osterøy Klatreklubb har arbeidd med ideen om å få til ein klatrevegg i Osterøyhallen sidan 2003. Klubbleiar Ole Mikalsen er godt nøgd med at dei no kan setja i gang med arbeidet.

— Dette er ein merkedag for både klatreklubben og alle friluftsinteresserte på Osterøy, seier han.

Den nye klatreveggen skal plasserast i sørenden av Osterøyhallen, på høgre side av porten. Den blir 110 kvadratmeter stor og vil dekkja omtrent halve veggen. Det vil verta plass til om lag 10 klatrarar om gongen i veggen.

Osterøy klatreklubb har sjølv dekt ein tredjedel av kostnadane, medan dei har fått 174.000 kroner frå Osterøy kommune og 174.000, kroner av spelemidlane som vert fordelte av Hordaland fylkeskommune.

— Vi har fått signal om at vi kom til å bli tildelt desse pengane, men har ikkje heilt våga å tru på det. No startar vi monteringa i veke 40, i skulen sin haustferie, seier Mikalsen.

Publisert 9. august 2006 kl 09.51
Sist oppdatert 9. august 2006 kl 09.51
 

Relaterte artikler

 
stein p aasheim
Stein P. Aasheim:

Jeg må si noe om Trango

klatrer i bratt fjell
Hardeste rute etablert av en norsk klatrer

Leo Bøe om rekord-ruta i Flatanger

Store Skagastølstind Romsdalshorn Stetind
Guide til Store Skagastølstind

Klatring på Store Skagastølstind

FIN KLATRING: Siv-Elin Skogen følger på andre taulengde av Diretta al Banano i Aosta. Sju bolta taulengder på stilig fjell gjenstår. Foto: Tore Meirik
Et paradis for bolte-entusiasten

Ni taulengder i Aostadalen

Blue Ice Choucas Pro klatresele 2025
Test av nye Blue Ice Choucas Pro

Blue Ice Choucas Pro klatresele

RENT: Mari Dahl Schlanbusch på andre taulengde av Via Dolorosa (4+). Foto: Dag Hagen
Klassikeren

Naturlig perle

Skjomen, Lappviktind, Lapplunk, Andreas Widlund, Narvik
Klatredestinasjonen Skjomen

Klatring i Skjomen

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen