Storm nesten kvar veke frå desember til mars. Konstante lågtrykk og temperatursvingingar.  Blå temperaturar berre nokre få timar i gongen. Og ein verdsomspennande pandemi. Vinteren 2020 vil bli hugsa på så mange måtar.

Dette er den første helga i løpet av heile vinteren i nordvest der det er meldt noko som minner om eit høgtrykk som varer meir enn ein halv dag. Og vi har etablert teltleir på Vellesætra i Sykkylven.