Tilkomst/parkering: Brunstad. Følg hovudvegen mellom Sykkylven og Stranda til du kjem til skilt merka «Brunstad», der ein tek av frå hovudvegen og følgjer vegen oppover til parkering ved kraftverket.

2.4.1 Opp frå krafverket ➋ Utfordrande

Frå kraftverket følgjer ein setervegen i om lag 1,5 kilometer til Vellesætra. Frå setra følgjer ein botnen av Vellesæterdalen sørover før ein dreiar austover og tek opp Gull- morbrekka og vidare inn forbi Gullmordalsvatnet. Frå sørenden av vatnet tek ein inn på nordryggen som ein følgjer til fortoppen. Dersom du vil heilt opp på hovudtoppen, må du no klive ned i skaret mellom fortoppen og vidare opp til toppen. Ein kan følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev nedkøyring i variert terreng.

2.4.2 Ned Vestrennene til Gullmordalsvatnet ➌ Komplekst På skredtrygge dagar kan den erfarne alpinisten velje brattare linjer frå toppryggen direkte ned mot vatnet. Hellingsvinkelen på rennene og ryggene varierer frå 40 til 50 grader.

Finn flere toppturer du kan gå i Sunnmørsalpene og på Rånahalvøya her