Margrethe Alm (35)

  • Elvepadler, stisyklist og utendørsentusiast fra Voss
  • Gift med den newzealandske elvepadlelegenden Mikey Abbott
  • Jobber med markedsføring i Myrkdalen Fjellandsby, har tidligere vært daglig leder for Ekstremsportveko

Foto: Kyrre Wangen

Året var 2001. Eg møtte ein kar frå verdas ende. Frå New Zealand. Det lyste i auga hans - han var forelska. Stupforelska. Ikkje i meg, men i Vossavassdraget. I Raundalselva, i Myrkdalselva, i Strandaelva, i Hommedalsleva, i Urdlandselva. Han kom her som sesongarbeidar - som raftingguide. I dag er me gifte og busette på Voss. Han jobbar i ambulansetenesta i bygda og har vore og vil vera ein svært viktig ressurs i regionen vår på mellom anna elveredning.

Historia vår er ikkje unik. Me byrjar å bli mange som har busett seg på Voss, og blitt verande på Voss, som eit direkte resultat av elvane våre. Ressurssterke menneske; til dømes lærarar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, geologar, kiropraktorar, juristar, tannlegar, entreprenørar, førskulelærarar, bønder, oljearbeidarar, IT ekspertar, snikkarar, fjellførarar - lista er lang. Fellesnemnaren for oss alle er elvesport og eit sterkt ynskje om å bidra og å byggja oppunder kommunen sitt mantra: Voss - ei bygd for sterke opplevingar.

Debatten om Raundalselva har ofte sklidd ut til «at me kan ikkje verna ei elv berre for nokre kajakkpadlarar». Det meiner ikkje me heller. Poenget er at Vossavassdraget vart verna lenge før elvesporten sitt inntog i bygda. Verneverdiane som låg til grunn på åttitalet var sterke nok til at Stortinget verna Vossavassdraget i verneplan III i 1986. I 2016, med blant anna friluftslivsaktiviteten elvesport, er verneverdiane sterkare enn nokonsinne. 

Me har trua på at dei folkevalde kjem til å sjå på alle moglege løysingar for flaumvern før kraftverk i Raundalen vert vurdert. Me har trua på at dei folkevalde ikkje kjem til å jobba for å oppheva vernestatusen til Vossavassdraget, og såleis setja presedens for alle verna elvar i Noreg. Me har trua på at dei folkevalde klarar å sjå at Voss har klart å trekkja til seg kompetanse på grunn av den urørte naturen vår. Naturen har spelt på lag med kommunen. No må kommunen spela på lag med naturen.