/ Padling

Kjemper for unik padleelv

Raundalselva på Voss er vernet, men nå vil kraftutbyggere og kommune ha omkamp. Elvepadlerne mobiliserer for å ta vare på en padleelv i verdensklasse.

Sist oppdatert 29. april 2010 kl 14.57
TRUET: Raundalselva.
TRUET: Raundalselva.

Stortinget har vernet Raundalselva, men nå jobber energiselskapene Voss Energi og BKK sammen med ledelsen i Voss kommune for å få omgjort vedtaket. I intervjuet kan du lese hva leder i Voss Kajakklubb, Dag Sandvik, mener om planene. Under har vi gjengitt et leserinnlegg om saken.

Hvordan reagerer padlemiljøet på Voss på planene om kraftutbygging i Raundalselva?

– Første reaksjonen frå dei fleste var vantru. Me har rekna med at ein varig vernestatus vert respektert av kommunen, og at dei etterkvart hadde sett verdien av elva og turismen knytt til ekstremsport aktivitetane. Alle eg har prata med er knytt spesielt til denne elva.

Hva slags konsekvenser vil en slik utbygging få for elvepadlerne?

– Verna elver er opne for småkraft dersom det kan gjerast skånsomt. Når kommunen no ynskjer å oppheve vernet, er det klart at utbygginga ikkje vert skånsom, slik dei hevdar i dokumenta sine. Planen er å leie 50kubikkmeter i røyr nesten frå topp til bunn. Det betyr at ein mister sjansen heilt til å padle perlene som treng mykje vatn, at ein ikkje har noen plass å padle i juli, august når vassføringa er låg og Raundalen er den einaste elva i fylket som er verd å padle i. For Voss sin del vert det eit ufatteleg stort tap, særleg med tanke på at dei i same slengen ynskjer å demme opp flesteparten av sideelvene i same slengen.

I Bergens Tidende hevdes det at "jevn vannstand" vil være en fordel for de som skal drive med rafting. Hva sier dere til det?

– Det er sjølvsagt berre tull, og det er rart dei i det heileteke prøver seg med slik argumentasjon. Ingen i rafting eller padlemiljøet er kontakta for gje si meining. Elva er bra på grunn av dei store variasjonane i vassføring.

Hvordan tenker dere å jobbe videre med saken?

– Me er først av alt opptatt av å synleggjere oss og alle interesse knytt til elva. Me har skrive inn til lokalavisa, vil kontakte kommunepolitikarar og vere med i møtene som vert halde no fram til sommaren. Vidare har me sjølvsagt forsøkt å spre ordet via facebook, og kjem straks til å legge ut ein underskriftskampanje på nett, der padlarar, naturvernarar og andre natur og friluftsengasjerte menneske kan sette seg opp. Me vil og møte naturvernlaget på Voss for å diskutere felles planar og aksjonar.

Hvordan ser dere på muligheten til å vinne fram?

– Elva er verna gjennom eit nasjonalt vedtak, og eg rekner med det er langt fleire og tyngre miljø enn padlarane som står ved vår side i denne saken. I første omgang håper me å stogge kommunestyret i å gå vidare med saken. Eg er kun lett optimist med tanke på å stogge kommunen og dei lokale kraftselskapa. Dersom kommunen vil gå vidare, vert det ei stor sak som må behandlast av Stortinget. Om det går så langt trur eg i alle fall protestane vert massive frå fleire hald, og at det skal verte vanskeleg å gjere eit slikt vedtak.

Her er leserinlegget:

Raundalen

Eg var ein av dei som vart svært overraska då eg på laurdag såg planane for nedbygging (vasskraftutbygging vert her kalla nedbygging av ein naturresurs) av Raundalsvassdraget. Utdraga frå rapporten syna at ynskje om nedbygging av elva var sterkare enn ynskje om å legge fram ein god rapport. Eit enkelt men graverande eksempel er at ein hevdar positive konsekvensar for rafting og at ein ikkje eingong nemner elvepadling. Å hevde positive verknader for rafting er feil, og at redusert vassføring og ny veg skal kome friluftslivet til gode, baserer seg på merkelege feilslutningar. Desse påstandane kan underbyggast med ein kjapp telefon til samtlege interesseorganisasjonar eller private næringsinteresser som er knytt til friluftsliv på Raundalselva. Korkje rådmann, ordførar, Voss energi eller BKK har teke seg bryet med ein slik telefon, og eg er eg i tvil om at forfattarane av rapporten har hatt eit ynskje om å presentere rett informasjon. Eg er uroa av denne tanken.

Kva er så artikkelforfattaren sitt utgangspunkt i denne saken? Eg skriv på vegne av Voss Kajakklubb og som eit natur og friluftsengasjert menneske. Voss kajakklubb sitt utgangspunkt i vasskraftsaker er ikkje ei kategorisk negativ innstilling til nedbyggingar. Mange småkraftannlegg har gitt eit positivt bidrag til lokalt og nasjonalt næringsliv, og i dei sakene der våre interesser er råka har me uttala oss med tanke på å komme fram til konstruktive løysingar. Dette kan dokumenterast ved å sjå på høyringsfråsegn me har gitt til NVE. Samstundes er me oppteke av å ta vare på dei unike verdiane som Voss har for dei som vil nytte elvene til å padla og rafta i, og me har eit grunnleggande syn på urørt natur som ein verdi i seg sjølv.

I verningsvedtaket står det at friluftsliv er viktig bruk. I 1986 var altså friluftsverdien til elva stor. Sidan den tid har nye friluftsaktivitetar supplert det tradisjonelle friluftslivet, og eg reknar med desse har vore med å auka verneverdien. Rapporten inneheld ingen relevant informasjon om aktivitetane på elva. Difor vil eg gje ei kort utgreiing om elvepadlinga.

Voss Kajakklubb har eksistert sidan 1997 og er organisert under Noregs padleforbund og NIF. Raundalselva er vår ”heimebane”. Kvar einaste cm av elva frå Mjølfjell til Palmafossen vert padla kvart einaste år, og samtlege medlemer nyttar denne elva til å komme seg ut i naturen. Klubben har sidan starten engasjert menneske i mange aldersgrupper, og me er stolte av å ha medlemar frå 10år opp til 60år. Sidan oppstarten i 1997 har klubben oppnådd mykje. Me har vore med å bygga Ekstremsportveko frå eit lite smalt arrangement til ein enorm festival som dreg eit titals tusen menneske til bygda, me har sendt fleire deltakarar til både VM og EM og med den utviklinga som har hend i klubben, voner me om nokre år å kunne sende ut vår første OL-deltakar. Mest stolt er me likevel av å aktivisere stadig fleire i naturen som omsluttar bygda, og syne folk korleis dei kan oppdage ein ny del av fjella våre.

Voss Kajakklubb representerer likevel berre ein liten del av dei som bruker elva gjennom sommaren. Tal frå Voss Rafting Senter og Ekstremsportveko viser at det er mange tusen ulike personar i aktivitet i elva mellom april og november. Nokre, som meg sjølv, kan skilte med rundt 70 dagar i elva der oppe, årleg. Andre igjen reiser frå USA eller New Zealand, og padlar heile Raundalen, frå Mjølfjell til Palmafossen inkludert sideelvene, på dei to vekene dei har til å vitje Noreg. Fleire av desse har komme hit for å lage TV-seriar, filmar eller artiklar om slike aktivitetar, og alle snakkar om Raundalen etter å ha vore her. (Dersom nokre av dykk abonerer på TV-kanalen Rush HD, kan de m.a. sjå padling frå Raundalen.)

Eg har stundom undra meg over at eg har møtt personar på andre sida av kloden som kjenner til Reimegrend og vert full av respekt når eg nemner Vollifossen, Tømmarhølen og Selheimsfossen. Nokre av dykk kjenner kanskje til Chamonix som ”skimekka”, og ein kan trygt sei at Voss nyt ein slik status i elvesportmiljøet. Kvifor kjem alle desse menneska til Voss for å padle i Raundalselva? Få andre stader i verda fins det over 40km med padling i krystallklart vatn, der nesten ikkje ein einaste seksjon står stille. Ein finn bratte parti der elva gjennom mange tusen år har forma naturlege vannsklier i berget. Det fins rolegare delar der ein kan drive avslappa gjennom skvulpande bølgjer og dersom ein verkleg vil kjenne på naturkreftene kan ein bryne seg på ein av fossane opp over dalen. Når det er fint ver på sommaren kan ein sjå Horndalsnuten sine snøfonner gjennom bjørkelauvet medan ein vert lett solbrend av refleksjonane frå elva. Ein kan undre seg om ein treng noko meir enn dette. Som vossing er eg godt vand til slik natur, men når eg padlar med utlendingar er det tydeleg kor fantastisk dei syns det er å kunne ta ein slurk vatn rett frå elva, eller å sitje i eit juv som er heilt urørt og stille. Ettersom årstidene endrar seg kan ein glede seg over diger vassføring og full fart, eller lågare vassføring med artig padling mellom steinane. Om ein er heldig passerer ein kanskje ein fisk som hoppar motstraums medan ein sjølv vel å følgje tyngdekrafta nedover.

Dei to føregåande avsnitta er mi forteljing om Raundalen, ei forteljing som skil seg markant frå BKK, Voss energi og rådmannen si historie. Eg har allereie sett at Voss Naturvernlag sitt syn er komme fram, men eg saknar orda til fleire partar og eg saknar utgreiing av heilt sentrale problemstillingar i kommunen sitt dokument. Me i padlemiljøet vil ikkje akseptere at vernestatusen skal verte handsama på nedbyggarane sine premiss, og eit Raundalsutval bør ikkje verte oppretta om ein ikkje har som mål å sjå på vernestatusen sitt potensiale for verdiskaping. Skal ein drive god politikk og gjere gode utgreiingar kan ein ikkje halde ”korta tett til brystet” og villeie folk. Generelt sett har norske politikarar og offentlege organ stor tillit i Noreg. Eg tviler på at denne tiltrua er fundert på vriding og tilbakehalding av informasjon, og eg tviler på at omkampar rundt verning av den avgrensa vassdragsnaturen som er att, er særleg bra for tiltrua til BKK, Voss energi eller Voss Kommune. Eg voner at debatten omkring vidare vern av Raundalen vert brei og god.

Dag Sandvik

Leiar i Voss Kajakklubb

Publisert 29. april 2010 kl 11.07
Sist oppdatert 29. april 2010 kl 14.57
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen