/ Padling

Europas råaste elvepadlar

Dag Sandvik er ikkje nøgd meg eigeninnsatsen i EM i bratt elvepadling, men han har planar om å lere av dagens europameister.

Sist oppdatert 28. juni 2019 kl 00.25
EUROPAMEISTER: Nicolas (FRA) jubler over tiårets mest fortente EM-siger. Andi (AUT), Jamie og Jonas (FRA) ser også ut til å klare seg. Foto: Olav Aga
EUROPAMEISTER: Nicolas (FRA) jubler over tiårets mest fortente EM-siger. Andi (AUT), Jamie og Jonas (FRA) ser også ut til å klare seg. Foto: Olav Aga

Etter 20 år med status som ein av dei beste ekstrem-kajakkonkurransane i Europa, vart endeleg utforkonkurransen på Veko eit offisielt EM. Trass i eit sparsomeleg startfelt med 60 herrer og 8 kvinner, var toppfeltet av eit rått kaliber, og eg kunne med skadefryd sjå angsten i augo til samtlege, når dei innsåg at det ville verte hardt berre å kvalle til finalen.

Ein av desse var Nicolas Caussanel frå Frankrike, den kvikke og lette karen som alltid er sist av elva og først heim frå festen. Brennande engasjert i å finne dei beste linjene, trene hardast og finne nye måtar å spare vekt i kajakken, er han sjølve kroppsleggjeringa av kva ein konkurranse kan vere. Å presse eigen psyke og fysikk, å elske strevet, å perfeksjonere detaljar. Å møte motgang og å vere tolmodig. Men i dag var han best i Europa. Ein helt i elva.

– Eg traff perfekt i begge omgangar, seier Nico til meg etter løpet. Og når han seier perfekt meiner han noko heilt anna enn det dei fleste andre meiner.

– Eg er heilt sjukt glad!

– Grattis mann, eg er så stolt av deg, er mitt svar.

NEST BEST: Nouria Newman parkerte feltet i kvalliken, men gjekk på ein smell i finalen og måtte nøye seg med 2.plass. Foto: Olav Aga
NEST BEST: Nouria Newman parkerte feltet i kvalliken, men gjekk på ein smell i finalen og måtte nøye seg med 2.plass. Foto: Olav Aga

Eg har sett han før, når det ikkje går så bra. Når han lunker mot bilen med ein sterk men evig skuffande 17. plass frå eit VM. Dagen etter er han ute og øver. Han trener alltid like hardt, og legg kropp og sjel i potten, men stundom, kanskje for ofte, er det ikkje nok. Men i dag var ein av desse dagane då han fekk betalt.

– Kva gjorde dette til din store dag?

– Eg hadde førebudd meg utruleg godt. Samalikna tid på alle dei ulike linjevala, og hadde heile planen klar.

– Men det gjer du jo alltid.

– Vel, sant nok. Det stemte berre. Eg kjende akselerasjonen ut av kvart dropp. Og då veit ein at det går vegen.

– Hm. Jo.

DRØMMEDAG: Myrkdalselva er tøff og skiljer mellom gode og perfekte linjer, her representert ved ei perfekt linje. Foto: Ane Dahl Kristengård
DRØMMEDAG: Myrkdalselva er tøff og skiljer mellom gode og perfekte linjer, her representert ved ei perfekt linje. Foto: Ane Dahl Kristengård

Myrkdalselva glitra i sol, grillen fresa, musikken pumpa og publikum fekk sin «heimesiger» med to innflytta Vossingar på pallen. Lucie Sediva naska til seg 3. plass i kvinneklassen, bak vinnar Beth Morgan (UK) og Nouria Newman (FRA). Jamie Sutton klatra nok ein gong på podiet på delt 3. plass saman med franske Jonas LeMorvan, slått av Andi Brunner (AUT) og vår helt Nicolas. Sjølv hadde eg starta finalen med 50 meter med denne gode kjensla av suksess, men i første foss skar eg rett ut i ei bakevje og vart parkert på ein 13.plass. Men kva faen har ein å klage på når elvebreidda er omgjort til eit folkehav som skrik og skrålar når du kjem padlande. Hadde ein det ikkje fett som elvepadlar i dag, må ein ta seg ei eskimorulle. Og så er det flaks at eg deler hus med Nico i sommar, eg trur eg kan lære noko av han.

Dag Sandvik (35)

Dag er vossing, frilansskribent, skikøyrar og elvepadlar. Han har i fleire år satsa fullt på konkurransar i elvepadling, ved sida av å dyrke interessa for å utforska både fjell og elver i nære og fjerne strok. I framtida har sosiologen – som også er lokalpolitikar for SV i Voss kommunestyre – lova å nytte litt mindre tid på firkanta konkurransar og litt meir tid på fri utforsking av fjell, elver og det skrivne ord. Denne veka skriver Dag fast frå Ekstremsportveko her på friflyt.no, og i årets sommerutgåve av Fri Flyt har han skrevet om elvepadling i både Noregs finaste juv og i Asahan i det fjerne austen.

fakta

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel:

Publisert 28. juni 2019 kl 00.25
Sist oppdatert 28. juni 2019 kl 00.25
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen